Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Meininga med livet

Oppgåve
Interaktivt innhald

Yrkes- og utdanningsvalet mitt

Kva bør du tenke på når du skal velje yrke og utdanning? Lag deg ei liste med tips, og reflekter over kva slags yrke og utdanningar som passar dine eigne eigenskapar og interesser.

Oppgåve 1. Yrkes- og utdanningsvalet mitt

Les artikkelen "Finn din veg: Yrkes- og utdanningsval" og svar på spørsmåla:

  1. Korleis kan det å finne ut kva du har lyst til å jobbe med, motivere deg i skulekvardagen?

  2. Kva tenker du er viktigast når du skal velje yrke og utdanning? Skriv minst tre tips til kva du bør tenke på.

  3. Samanlikn tipsa du kom fram til med tipsa til ein medelev. Kva er likt, og kva er ulikt?

  4. Kvar kan du få rettleiing og hjelp til å finne rett yrke og utdanning? Skriv minst tre konkrete tips til kvar du kan få hjelp og rettleiing. Skriv òg ei kort grunngiving for kvifor desse tipsa kan vere spesielt nyttige.

Oppgåve 2. Kva slags eigenskapar har du?

Oppgåve 3. Kva trivst du med?

Oppgåve 4. Gruppeoppgåve

Set dykk i grupper på tre til fire elevar.

Presenter eigenskapar og kva de trivst med for dei andre i gruppa (det vil seie svara de har på oppgåve 2 og 3). Diskuter deretter dykk imellom kva slags yrke og utdanningar som passar til desse eigenskapane og interessene. Prøv å komme med så mange forslag som mogleg, men hugs å grunngi dei på ein sakleg måte.

Vidare utforsking

Utforsk yrke du ikkje veit så mykje om. Søk på nett eller bruk lenkene under og utforsk nokre utdanningsretningar eller yrke du ikkje veit noko om frå før. Finn ut kva som kjenneteiknar desse yrka. Kan det vere noko for deg? Kvifor? Kvifor ikkje?

Denne oppgåva er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Kjelder

Universitetet i Sørøst-Norge. (u.å). Utdanningstesten. Henta 23. juni 2025 frå /https://utdanningstest.usn.no/

Skrive av Karl Henrik Aanesen og Tone Spilling.
Sist oppdatert 22.05.2025