Meininga med livet

Kva får deg til å stå opp om morgonen? Kva gler du deg til? For nokon kan det vere å treffe venner, spele, trene eller lære noko nytt. For andre kan det vere noko heilt anna. Det er uendeleg mykje ulikt vi kan glede oss til, men felles for alt vi vel å bruke tid på, er at vi på ein eller annan måte finn det meiningsfullt. På eitt eller anna vis har det betydning eller verdi for oss.
Viss du ein dag står på ein fotballbane og ikkje ser noko poeng i å trene eller spele saman med dei andre, vil du som regel slutte. På same måten er det med dei fleste ting. For at vi skal gjere noko, må vi som oftast tenke at det har eit formål, at det er eit poeng å drive med det, og at det må gi oss noko. Med andre ord må det ha ei meining. Men kva er det eigentleg som gjer at noko blir opplevd som meiningsfullt? Det er eit spørsmål menneske har tenkt over i tusenvis av år.
I dag har vi mange moglegheiter, og spesielt ungdommar står overfor mange viktige val. Då kan det vere vanskeleg å avgjere kva som gir mest meining for akkurat deg. I denne casen skal du jobbe med temaet meining på fleire ulike måtar. Vi har samla artiklar om temaet med fleire ulike faglege vinklingar. Saman med artiklane finn du forslag til fleire ulike oppgåver og øvingar. Nokre av artiklane og oppgåvene er i tillegg sette saman i læringsstien "Eit meiningsfullt liv" som ein introduksjon til temaet.
Dette emnet er tverrfagleg. Artiklane og oppgåvene kan brukast i mange ulike fag, men nokre av dei eignar seg spesielt godt i samfunnskunnskap, religion og etikk, norsk og yrkesfag.