Læringssti
Introduksjon
Kva er meininga med livet? Korleis kan eg finne meining i mitt eige liv? Dette er nokre av dei aller mest grunnleggande spørsmåla vi menneske står overfor.
I denne læringsstien skal du
- få kunnskap om ulike kjelder til meining, og kva som er forskjellen mellom meininga med livet og meininga i livet
- reflektere over kva som skaper meining i eige og andre sitt liv
- utforske ulike perspektiv på meining
- diskutere kva som er ein meiningsfull jobb og eit meiningsfullt liv
Denne læringsstien er tverrfagleg. Han kan brukast i fleire ulike fag og eignar seg godt som ein introduksjon til temaet meining.