Ti ting eg vil gjere før eg døyr

Oppgåve 1. Kva vil du gjere i livet?
Set opp ei liste med ti av dei viktigaste tinga du vil gjere i livet ditt før du døyr.
Skriv ei kort grunngiving for dei tre tinga du meiner er dei viktigaste.
Oppgåve 2. Diskuter listene
Diskuter med sidemannen.
Samanlikn listene dykkar. Kva er likt, og kva er ulikt?
Kva for nokon av tinga på listene vil gjere dykk mest lykkeleg, trur de?
Kva for nokon av tinga på listene vil opplevast mest meiningsfylte, trur de?
Er det nokon forskjell på det de trur vil vere mest meiningsfylt og det som vil gjere dykk lykkelegast? Kvifor? Kvifor ikkje?
Oppgåve 3. Kva tenker dei eldre?
Kva fem ting trur du menneske som ligg for døden skulle ønske dei hadde gjort i livet?
Samanlikn svara dine med lista under. Kva er likt, og kva er ulikt?
Les lista under. Kva kan du lære av erfaringane til eldre menneske?
Samanlikn lista du laga i oppgåve 1 med lista under. Er det noko du meiner du burde lagt til eller forandra på di eiga liste? Grunngi svaret.