Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Meininga med livet

Fagstoff

Kva er meininga med livet?

Kva er poenget med å stå opp av senga? Kvifor skal du gå på skulen? Er det nokon vits i at du held fram med å lese denne artikkelen? Dei fleste av oss har behov for å oppleve at det vi gjer, er meiningsfylt. Men finst det eigentleg noka meining med livet?

Meininga med livet?

Frå vi blir fødde, forsøker vi å finne ut av og forstå verda rundt oss. Vi prøver å finne svar på korleis verda heng saman, og kva som er meininga med alt det framande vi møter på. Vi forsøker med andre ord å gjere verda rundt oss meiningsfull.

Dei fleste av oss har eit behov for å oppleve meining. På den eine sida handlar spørsmålet om meininga med livet om noko jordnært og kvardagsleg – om korleis vi kan finne meining i kvardagen. Kan hende har det å gjere med at vår eiga oppleving av dei daglegdagse gjeremåla våre, som skule, arbeid og fritidsaktiveter har eit formål og er meiningfulle. For nokon kan det gi meining å besøke familien, vere saman med venner eller trene for å bli ein betre fotballspelar.

På den andre sida handlar spørsmålet om meininga med livet om noko meir abstrakt og grunnleggande, om kva som er sjølve formålet med livet og det å vere eit menneske. Det kan handle om at vi på eit djupare plan opplever at livet vårt, og den grunnleggande måten vi vel å leve det på, gir meining. Nokon finn kanskje eit svar på dette spørsmålet i filosofi eller religion, mens andre kanskje aldri kjem fram til noko endeleg svar.

Meininga i og meininga med livet

Finst det eit objektivt svar på kva som er meininga med livet for alle menneske? Eller handlar meininga med livet meir om ditt eige liv, og kva du reint personleg opplever som meiningsfylt? For å finne forskjellen mellom desse to litt ulike spørsmåla skil vi ofte mellom kva som er meininga i livet, og kva som er meininga med livet. Meininga i livet handlar om kva du reint subjektivt opplever som meiningsfylt. Meininga med livet, derimot, har å gjere med om det finst eit objektivt svar, eit generelt formål eller ei meining med alle menneske sine liv.

Meininga i livet

Når vi stiller spørsmålet om kva som er meininga i livet, spør vi om kva som skal til for at vi reint personleg skal oppleve at livet er fylt med meining. Vi er ute etter di eller andre si subjektive oppleving. Kva skal til dømes til for at jobben din, skulen eller det du gjer på fritida, skal opplevast som meiningsfylt for deg?

Vi lever i ei moderne verd der spørsmålet om meininga i livet er meir aktuelt enn før. Mange menneske tilhøyrer ikkje lenger ein tett kulturell og religiøs felleskap. Det var slike tradisjonelle fellesskap som i stor grad gav menneske ei oppleving av meining tidlegare. Viss du til dømes vaks opp i det tradisjonelle norske bondesamfunnet for nokre hundre år sidan, var det forventa at du skulle bli bonde og gå i kyrkja kvar søndag. Då var det familien, arbeidet på garden og den kristne trua som i stor grad gav livet ditt meining. I mange moderne samfunn har vi i dag fridommen til å tru på det vi vil og forme våre eigne liv, men det betyr at vi i større grad sjølv må finne vår eiga meining i livet.

I dag stoler mange på vitskapen når dei skal finne svar på viktige spørsmål, men det er avgrensa kva vitskapen kan fortelje oss om meininga i livet. Vitskapen kan forklare oss korleis livet på jorda har oppstått, og korleis verda og menneske er sette saman, men han kan ikkje gi oss eit svar på kva som er meininga med livet vårt. Det vitskapen likevel kan gjere, er å samle inn kunnskap om korleis menneske vanlegvis finn meining i liva sine, og kva for nokon positive effektar det kan ha.

Kjelder til meining i livet

Det finst fleire ulike kjelder til meining i livet. Basert på psykologisk forsking hevdar den finske filosofen og forskaren Frank Martella at det å finne meining i livet for dei aller fleste menneska handlar om å ha kontakt med seg sjølv og å ha kontakt med andre. Han hevdar derfor at vi kan setje opp ei liste over dei viktigaste kjeldene til meining i livet:

  1. Kontakt med deg sjølv

    • Autonomi. Når du følger dine eigne val og dine eigne interesser, opplevast det du gjer, som meir meiningsfylt.

    • Sjølvrealisering. Når du bruker evnene dine, realiserer potensialet ditt og meistrar det du gjer på ein god måte, opplevast det meir meiningsfylt.

  2. Kontakt med andre

    • Gode relasjonar. Når du utviklar eit godt forhold til venner, familie, lag- eller klassekameratar og kollegaer, opplever du meining som ein del av ein felleskap.

    • Gode gjerningar. Når du gjer noko for andre, alt frå små ting til store ting – slik at du utgjer ein forskjell i andre sine liv – så opplevast det som meiningsfylt.

Det er ein klar samanheng mellom desse ulike punkta. Når du har kontakt med deg sjølv, kan det bli lettare ha kontakt med andre. Og når du har god kontakt med andre, kan det bli lettare å ha kontakt med deg sjølv. Dei fleste menneske opplever slike augneblinkar av meining kvar dag. Dette handlar ikkje nødvendigvis om store ting, men små glimt av meining.

Meininga med livet

Finst det ei universell meining med livet? Finst det eit felles formål for alle menneske, eit objektivt svar på kva som gir livet betydning? Det er dette spørsmålet vi ofte søker svar på når vi spør om kva som er meininga med livet.

Dette er eit grunnleggande filosofisk og religiøst spørsmål. For å kunne svare på det held det ikkje berre å leite etter meining i sitt eige liv. Sjølv om vi opplever at det vi gjer er meiningsfullt her og no, er det ikkje sikkert at vi har rett. Sjølv om du opplever det som meiningsfylt å game heile natta eller shoppe heile dagen, er det ikkje sikkert at det er det som reint faktisk er meininga med livet i den store samanhengen.

Ulike svar

Det finst mange ulike religiøse og filosofiske svar på på kva som er meininga med livet. Innanfor dei monoteistiske religionane som kristendommen, islam og jødedommen er meininga med livet å følge Guds bod og leve i tråd med Guds plan for mennesket. Innanfor austlege religionar, som buddhismen, handlar derimot meininga med livet om å frigjere seg frå liding og bryte ut av syklusen med evige atterfødingar.

I filosofien har ein prøvd å finne eit svar på meininga med livet heilt sidan antikken. For Platon var meininga med livet å bruke fornufta til å oppnå høgast mogleg innsikt. For Platons elev Aristoteles var meininga med livet å realisere det fulle potensialet sitt. Då ville du, ifølge Arisoteles, bli eit godt menneske og oppnå ein tilstand av Eudonmia, som kan omsetjast med lykke eller eit godt liv.

Innanfor moderne filosofi har det blitt foreslått at meininga med livet er å realisere det gode, det sanne og det skjønne. Meininga med livet er å nærme seg sanninga, skape noko vakkert eller gjere verda til ein betre stad. Så framt du lykkast med det, vil livet ditt vere meiningsfylt. Døme på personar som har gjort det dei kan for å oppnå noko slikt, er til dømes vitskapskvinna Marie Curie, kunstnaren Michelangelo og fridomshelten Nelson Mandela.

Den norske filosofen Einar Duenger Bøhn har derimot sett spørsmålsteikn ved denne teorien. Kva skjer viss du prøver å finne sanninga eller skape noko vakkert, men mislykkast? Kan det ikkje òg vere ei meining i det? Ifølge Duenger Bøhn er meininga med livet noko enklare og meir nærliggande. Det handlar kort sagt om å forbetre ting. Så lenge du prøver å forbetre store og små ting rundt deg, har livet ditt meining. Det kan vere alt frå eit forsøk på å gjere skulearbeidet litt meir effektivt, til å prøve å bli ein litt betre handballspelar, gitarist, venn eller kjæraste.

Tenk etter

Er meininga med livet å forbetre ting, slik Einar Duenger Bøhn hevdar? Kjem du på nokon motargument mot denne påstanden? Finst det i verkelegheita eitt enkelt svar på kva som er meininga med livet?

Kjelder

Bøhn, E.D. (2019). Meningen med livet. Spartacus forlag.

Eagleton, T. (2007). The meaning of life. A very short introduction. Oxford.

Martella, F. (2021). Et meningsfylt liv. Gursli Berg

Sagdahl, M.S. (2022, 23. november). Meningen med livet. I Store norske leksikon. https://snl.no/meningen_med_livet

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 03.03.2026