Normer for kjønn og seksualitet - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Normer for kjønn og seksualitet

Normer som er knytte til kjønn og seksualitet har sterk innverknad på korleis mange av oss lever liva våre. Vi har til dømes ein masse reglar for kva det vil seie å vere gut, og kva det vil seie å vere jente, og om korleis ein skal sjå ut og oppføre seg.

Kjønnsnormer

Reglane for korleis jenter og gutar skal vere og sjå ut, finn vi overalt rundt oss – i filmar, blad, aviser, fjernsyn, reklame, leiketøyskatalogar, på omslaget av bøker – og vi blir påverka av foreldre, skulen og venner.

Vi kan seie at det finst éi regelramme for jenter og ei anna for gutar. Innanfor guteramma finst det mannlege ideal, og innanfor jenteramma finst det kvinnelege ideal. Dei som held seg innanfor regelramma, dei som følgjer reglane, blir sedde på som «dei normale» i samfunnet. Dei som bryt med rammene, kan bli oppfatta som unormale. Den som bryt med reglane, kan få reaksjonar frå andre. Til dømes kan ein få høyre at ein er ei «gutejente» eller ein «femigut». Men er det ikkje litt urettferdig?

Kjønnsnormer, som andre normer i samfunnet, endrar seg over tid og frå stad til stad. Kjønnsnormene i Noreg gjekk gjennom ei stor endring i løpet av 1900-talet. Ved byrjinga av hundreåret var det blant anna uhøyrd at kvinner skulle kunne gå med bukse, og det var brei semje om at kvinna si plass var i heimen. I dag er det vanleg at både kvinner og menn er yrkesaktive, og det er vanleg at menn i like stor grad må ta hand om husarbeidet og omsorga for barn.

Heteronorma

Heteronorma er ei sterk norm i samfunnet vårt, og ho heng ofte saman med kjønnsnormene. Desse normene seier at vi har to typar kjønn, gutar og jenter, og at alle er heterofile. No er det ikkje nokon tvil om at slik er det for dei aller fleste i samfunnet vårt. Samstundes er dette noko vi også blir møtt med i dei fleste bøker, filmar og tv-program. Frå vi er små og gjennom oppveksten, lærer dei fleste av oss at livet handlar om å finne nokon å dele livet med og få barn.

For dei som lever eit heteroseksuelt liv, vil ikkje det at vi har ei heteronorm vere langt framme i tankane. Men for dei som bryt med denne norma, så er det noko dei merkar godt. Personar med ei anna seksuell orientering eller kjønn, opplever ofte at dei må korrigere andre si oppfatning. Dette kan vere stereotype haldningar til oppførsel og levesett, eller at ein automatisk forventar at ein ny kjærast er av motsett kjønn.

Normene set grenser

Normene som gjeld kjønn og seksualitet, seier noko om menneskesynet i vårt samfunn. Kjønnsnormene fortel oss korleis vi ser på jenter og gutar, og ikkje minst korleis vi ser på dei som ikkje uttrykkjer kjønn innanfor «jenteramma» og «guteramma». Dette set grenser for det handlingsrommet vi har til å vere den vi vil. Korleis hadde menneska sett ut og oppført seg dersom vi ikkje hadde desse normene? Korleis hadde det vore dersom ingen måtte presisere kva kjønn dei sjølve eller kjærasten har? Eller dersom alle måtte det? Tenk om det «normale» var å vere seg sjølv, uansett korleis ein uttrykkjer eller identifiserer seg?

Tenk over: Vil du seie det er enklare å vere seg sjølv i samfunnet i dag enn for 10-15 år sidan? Er det lettare å få aksept for den ein er, uavhengig av kjønn og seksualitet?

Skrive av Stine Helena Bang Svendsen og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020