Lykke, meining og moral
Oppgåve 1
Kva er lykke? Gi minst eitt døme på ein gong du eller nokon andre var lykkeleg.
Kva er meining? Gi minst eitt døme på ein gong du gjorde noko som var meiningsfylt.
Kva er moral? Gi minst eitt døme på ein gong du gjorde noko som var moralsk rett.
Samanlikn dei tre døma frå spørsmål A, B og C. Kva er forskjellane og likskapane mellom dei tre døma?
Oppgåve 2
Ifølge Aristoteles sin dydsetikk er det ein samanheng mellom lykke, moral og meining. Han meinte at meininga med livet er å finne lykka ved å leve moralsk og realisere potensialet vårt som menneske. Den norske filosofen Einar Duenger Bøhn meiner derimot at det å handle moralsk, finne lykka og ei meining i livet, er tre ulike ting.
Finn nokre konkrete døme på at det kan vere ein samanheng mellom å handle moralsk og bli lykkeleg og det å finne ei meining med livet.
Kan noko vere meiningsfylt utan at det gjer deg lykkeleg? Grunngi svaret ved hjelp av eit konkret døme.
Kan det å handle moralsk av og til stå i vegen for lykka? Grunngi svaret ved hjelp av eit konkret døme.
Kan noko vere umoralsk og samtidig meiningsfylt? Grunngi svaret ved hjelp av eit konkret døme.
Reflekter over kva samanheng du sjølv tenker det er mellom å handle moralsk, bli lykkeleg og finne meining i livet.