Kjønnsmangfald - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kjønnsmangfald

I samfunnet møter du mange normer og forventningar knytta til kjønn. Det kan handle om klede, åtferd, interesser og yrkesval. Men kva er eigentleg kjønn? Korleis påverkar kjønnsnormene oss, og kva skjer når nokon bryt desse normene?
Tekstbeskriving av videoen

Eit barn på 9–10 år med kort, krøllete hår er kledd i kjole og hoppar opp og ned på ei trampoline mens det smiler.

Barnet sit med kjole i klasserommet, mens læraren underviser. Nokre av dei andre barna ser skeptisk på barnet, og ein gut lagar feminine bevegelsar for å erte det, før læraren avbryt ertinga. I neste klipp ser barnet ut i lufta og går deretter aleine ut av klasserommet for å ta på seg ytterklede.

Barnet står og speglar seg, mens det svingar på kjolen. Det leikar deretter med rosa og turkise modellfigurar.

Barnet et middag med ein vaksen mann og ei vaksen kvinne som tilsynelatande er faren og mora. Det leikar med den turkise modellhesten sin og greier håret på hesten mens det smiler. Faren ser irritert på barnet, riv modellhesten vekk og kastar han i golvet. Mora reagerer på oppførselen til mannen, og dei begynner å krangle om modellhesten.

Mora går på gata saman med barnet. Dei har på seg kvar sin kjole og passerer mange på vegen som ser rart på dei.

Det er etter skuletid. Barnet går saman med dei andre ut av skulen. Det har på seg kjolen sin, og ein gut rotar til håret til barnet for å erte. Dei andre foreldra som ventar utanfor skuleporten ser rart på barnet i kjole. Faren står også og ventar. Han er tilsynelatande irritert, røskar til seg barnet si hand og dreg det med seg bort frå skulen.

Læraren sit i eit tomt klasserom og snakkar med mora og faren til barnet. Dei diskuterer og er ueinige. Til slutt reiser mora seg opprørt og går ut av klasserommet.

Barnet sit ved middagsbordet saman med mora og faren, er trist og nektar å ete noko av maten framfor seg. Mora forsøker å trøyste, men faren er irritert og nektar henne å fjerne tallerkenen framfor barnet. Mora går frå bordet og set seg på ein sengekant, mens faren speler dataspel. Faren går etter kvart opp trappa til soverommet, og på vegen sløkk han lyset i stova mens barnet framleis sit ved bordet med middagstallerkenen framfor seg.

Neste morgon kjem mora og faren ned trappa etter å ha sove. Barnet sit framleis ved bordet. Då blir mora opprørt, dyttar faren vekk og omfamnar og klemmer barnet.

Faren joggar og stoppar opp mens han ser på ein mann som speler ball med ein gut.

Barnet er på skulen og har no på seg bukse og ei nøytral piqueskjorte. Samtidig sit faren ettertenksam heime på senga til barnet mens han held barnet sin kjole i handa. Barnet går så aleine ut av klasserommet, mens læraren held armen på skuldra til barnet. Utanfor skulen står dei same foreldra som tidlegare. Dei ser på noko. Ein av dei ristar på hovudet, somme smiler, peikar og ler, og ein snur seg opprørt vekk. Barnet kjem ut i skulegarden og oppdagar det alle dei andre foreldra ser på. Det er faren, som no har på seg ein kjole og står og ventar. Barnet blir først overraska, så veldig glad og løper mot faren og kastar seg i armane hans.

Faren og barnet går bortover vegen. Begge har på seg kjole, og dei held kvarandre i hendene.

Oppgåve 1. Kjønnsnormer

Sjå videoen og diskuter

  1. Er det mogleg å seie noko om kva barnet i filmen har?

  2. Kva for negative reaksjonar blir barnet møtt med når det bryt dei tradisjonelle kjønnsnormene?

  3. Kvifor reagerer ein del menneske negativt når nokon bryt tradisjonelle normer og forventningar knytte til kjønn?

  4. Kvifor vel faren til slutt å ta på seg ein kjole? Kva tenker de om det faren gjer her?

  5. Er det lettare for jenter å kle seg og oppføre seg maskulint enn det er for gutar å kle seg og oppføre seg feminint? Kvifor trur de eventuelt det er slik?

  6. Korleis kan vi skape eit samfunn der vi sjølv kan velje korleis vi skal sjå ut og oppføre oss når det gjeld kjønn – utan å vere redde for negative reaksjonar?

Oppgåve 2. Kva er kjønn?

Diskuter i grupper:

  1. Kva er kjønn?

  2. Korleis er samfunnet med på å forme oppfatninga vår av kjønn? Gi konkrete døme?

  3. Korleis påverkar kjønn måten vi tenkjer, føler og handlar? Gi konkrete døme.

  4. Er dagens ungdommar meir opne for at menneske kan bryte med tradisjonelle kjønnsnormer og førestillingar om kva kjønn er enn tidlegare? Gi konkrete døme.

Oppgåve 3. Korleis blir vi påverka av kjønn?

De kan svare individuelt eller i grupper.

  1. Korleis påverkar kjønn kvardagen dykkar? Start med når de stod opp i dag tidleg og kartlegg resten av dagen så konkret som mogleg. Tenk over korleis kjønn påverkar til dømes

    • innreiinga, klede og kor mykje tid de bruker på badet

    • interesser, fritidsaktivitetar, musikksmak, kjærast og vener

    • kroppspråk, korleis de snakkar, og kva de snakkar om

    • bruken av sosiale medium, kven de følger, og kva de er opptekne av

    • framtidsplanar, ønske og draumar

  2. Kva trur de ville skjedd viss de braut med ulike og forventningar knytte til kjønn? Det kunne til dømes vere at de hadde valt klede, utsjånad eller interesser som er knytte til motsett kjønn.

    • Korleis trur de andre ville reagert viss de braut kjønnsnormene?

    • Korleis trur de det ville kjennast å bryte med andre sine forventningar når det gjeld kjønn?


Denne oppgåva er skriven i samarbeid med Rosa kompetanse.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er kjønn?

Kva er kjønn? Vi kan vurdere kjønn frå fire ulike perspektiv: kropp, juridisk kjønn, kjønnsuttrykk og kjønnsidentitet.

Fagstoff
Kva er kjønnsmangfald?

Det store mangfaldet av kjønnsidentitetar og kjønnsuttrykk som finst blant menneske, kallar vi kjønnsmangfald.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2021