Kan ein 16-åring redde klimaet? - Kan ein 16-åring redde klimaet? - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kan ein 16-åring redde klimaet?

Kan ein 16-åring redde klimaet?

CC BY-SA 4.0

Kor trygg ville du følt deg i ein debatt om klima og klimaendringar? I denne tverrfaglege læringsstien møter du fagstoff frå naturfag, norsk og samfunnsfag. Etter å ha gjennomført læringsstien skal du

  • kunne forklare drivhuseffekt, global oppvarming og klimaendringar
  • ha kunnskap om kva du sjølv kan gjere for å bremse klimaendringane
  • vite kva du kan gjere for å påverke dei som tar beslutningar
  • kunne reflektere over kva som påverkar truverdet til ein person eller ein organisasjon
  • kunne bruke kunnskapen om klima til å gjere deg opp di eiga meining om klimaspørsmålet
  • forstå at også du kan gjere ein forskjell  i kampen mot klimaendringane