Kan ein 16-åring redde klimaet? - Planlegg ein aksjon - Tverrfaglege tema - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Kan ein 16-åring redde klimaet?

Bruk kunnskapen du har fått om klimaendringar og påverknad til å planleggje din eigen aksjon.

Oppgåve

Planlegg ein aksjon

La deg inspirere av Greta Thunberg, og planlegg ein aksjon lik den ho gjennomfører.

Om engasjert ungdom

Bakgrunnsstoff:

Planlegg aksjonen

En vellukka aksjon krev førearbeid. Dette er nokre moment du bør tenkje over:

  • Overtyd folk.

    • Kva for slagord og informasjon skal du bruke?
  • Lag informasjonsmateriell.

    • Vil du bruke plakatar, flygeblad eller underskriftskampanjar? Noko anna?
  • Bestem deg for kvar aksjonen skal vere, og korleis du vil gjennomføre han.

    • Vil du nå best fram med ein aksjon på ein stad der folk flest oppheld seg, eller skal du aksjonere der politikarane held til?
    • Kan aksjonen gå føre seg på internett?
    • Kan du få til møte med ekspertar og politikarar?
    • Vil du aksjonere åleine eller saman med nokon?
  • Få merksemd kring aksjonen.

    • Ta kontakt med ei avis / journalist. Du kan også bruke sosiale medium.

Gjennomfør og evaluer aksjonen

Når du er godt førebudd, kjennest det tryggare å aksjonere. Her er eit par tips til sjølve aksjonen:

  • Ved aksjon på ein stad: Møt opp i god tid og ta med alt du treng av informasjonsmateriell.
  • Ver hyggjeleg, men tydeleg, mot dei du møter under aksjonen. Krangel får ingen til å endre meining.

Etter at du har gjennomført aksjonen:

  • Kva fungerte godt?
  • Kva ville du endra på om du skal gjennomføre ein ny aksjon?


Tidsbruk: 5 skuletimar

Skrive av Jan-Arve Overland og Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2019