Kva er ein meiningsfull jobb?

Oppgåve 1. Kva gjer ein jobb meiningsfull for deg?
Oppgåve 2.
Les artikkelen "Ein meiningsfull jobb" og svar på spørsmåla:
Korleis kan det å "vere til nytte" gjere at jobben opplevast meiningsfull? Gi minst eitt konkret døme.
Kvifor er det viktig for menneske å vere ein del av ein fellesskap? Gi minst eitt konkret døme på at fellesskapen på jobben er viktig.
På kva måte kan jobben vere ein del av identiteten vår? Gi minst eitt konkret døme.
Kvifor er personleg utvikling og meistring i jobben viktig? Gi minst eitt konkret døme.
Kvifor har mange menneske behov for ein viss struktur i kvardagen?
Kva er viktigast for at at ein jobb skal opplevast som meiningsfull – pengar eller anerkjenning? Grunngi svaret.
Diskuter kva som gjer ein jobb meiningsfull for deg. Kva er aller viktigast? Kvifor?
Oppgåve 3. Gruppeoppgåve
I denne oppgåva skal de først finne fram til ulike yrke. Deretter skal de lage forteljingar om dei ulike yrka og diskutere kva som gjer dei meiningsfulle eller ikkje.
Kva for yrke kjem de på?
Klassen går saman i grupper på tre–fem elevar. Kvar elev får delt ut eit blankt ark. Før de startar, riv alle arket sitt i 12–16 lappar som dei legg i ein bunke framfor seg. Lappane må vere store nok til å romme minst eitt ord.
I løpet av eitt og eit halvt minutt skal gruppene skrive ned namnet på så mange ulike yrke som mogleg. Læraren tek tida, og gruppene jobbar på følgande måte:
Alle i gruppa skal prøve å skrive ned så mange yrke som mogleg på lappane dei har framfor seg.
Skriv berre eitt yrke på kvar lapp.
Når éin i gruppa har skrive ned eit yrke på lappen sin, les hen opp namnet på yrket og legg lappen i midten. På den måten høyrer alle i gruppa kva yrke det er, og de unngår å skrive opp same yrke fleire gonger.
Kvar gruppe tel opp kor mange ulike yrke dei har skrive ned. Gruppa med flest yrke, vinn.
Kategorisering
Gruppene skal no sortere lappane med yrke i to ulike bunkar: éin bunke med yrke de ser på som lite meiningsfulle og éin bunke med yrke de ser på som svært meiningsfulle.
Diskuter i gruppa. Kva er det som skil dei to bunkane? Finn minst to eller tre ting som skil svært meiningsfulle jobbar frå lite meiningsfulle jobbar.
Oppsummering: Kvar gruppe legg fram dei to elle tre punkta dei har komme fram til.
Lag forteljingar
Gruppene skal no snu dei to bunkane med lappar, slik at lappane ligg opp ned. Ikkje bland lappane i dei to bunkane, men hald dei skilt.
Øving 1
Kvar medlem i gruppa trekker éin lapp frå bunken med dei mest meiningsfulle yrka. Gruppemedlemmene får så to minutt på seg til å lage ei forteljing om ein person som jobbar i dette yrket. Forjeljinga skal handle om ein person i yrket som ikkje opplever jobben sin som meiningsfull.
Tips til forteljinga: Kva heiter personen? Kvar bur hen? Korleis er ein vanleg arbeidsdag? Kva drøymer personen om? Kva kjenner personen når hen er på jobb? Korleis er miljøet på arbeidsplassen? Korleis blir personen møtt av andre menneske? Hva er det som gjør at denne personen ikke opplever jobben sin som meningsfull?
Kvar gruppemedlem framfører forteljinga si for dei andre gruppemedlemmene. Til slutt vel gruppa ut den forteljinga som var mest overtydande.
Øving 2
Kvar medlem i gruppa trekker éin lapp frå bunken med dei minst meiningsfulle yrka. Gruppemedlemmene får så to minutt på seg til å lage ei forteljing om ein person som jobbar i dette yrket. Forteljinga skal handle om ein person i yrket som opplever jobben sin som veldig meiningsfull og givande.
Tips til forteljinga: Kva heiter personen? Kvar bur hen? Korleis er ein vanleg arbeidsdag? Kva drøymer personen om? Kva kjenner personen når hen er på jobb? Korleis er miljøet på arbeidsplassen? Korleis blir personen møtt av andre menneske? Kva er det som gjer at denne personen opplever jobben sin som veldig meiningsfull og givande?
Kvar gruppemedlem framfører forteljinga si for dei andre gruppemedlemmene. Til slutt vel gruppa ut den forteljinga som var mest overtydande.
Framføring
Gruppene framfører dei to forteljingane dei har valt ut for resten av klassen.
Oppsummering i plenum
Kva kjenneteiknar ein meiningsfull jobb?
Kvifor kan det vere så store forskjellar mellom kva for jobbar vi meiner er meiningsfulle og ikkje?
Er jobbar med høg status (som lege, advokat og sjef) meir meiningsfulle enn jobbar med låg status?
Er jobbar der vi tener mykje pengar meir meiningsfulle enn jobbar der vi tener lite?
Går det an å dele inn jobbar i kva for nokon som er meiningsfulle og ikkje?