Finn din veg: Yrkes- og utdanningsval

Finn din veg
Har du ein draumejobb? Veit du kva du vil bruke livet ditt på? Nokon har kanskje ein klar plan og har alltid hatt det, mens andre famlar i blinde og lurer på kva dei skal satse på blant alle moglegheiter som finst. Det kan vere lurt å snu spørsmålet frå kva du vil bli til kven du vil vere. Kva om vala du tek no, kan legge grunnlaget for eit liv fylt med meining og motivasjon? Du treng ikkje vite alt i dag, tvert imot. Poenget er å finne sin veg, og det kan vere både klokt og fornuftig å bruke litt tid på å finne ut av nettopp dette.
Yrke og utdanningsval kan motivere
For nokon kan kvardagen på vidaregåande skule opplevast som ei meiningslaus plikt, og karakterar kjennest berre som tal på eit papir. Motivasjonen kan vere låg viss du ikkje har ein klar kurs for vegen vidare. Du kjenner kanskje på ei likegyldigheit? Eller motløyse? Då kan det hjelpe å tenke over kva du har lyst til å gjere vidare. Plutseleg kan målet for deg bli klarare, og då blir det enklare for deg å finne motivasjon.
Vegen vidare
Vil du studere vidare, eller kjenner du på eit ønske om andre alternativ enn skule? Går du på yrkesfag, kan du satse på ulike lærlingløp, fagbrev eller halde fram vidare på fagskule etter vidaregåande. Det kryr av folkehøgskular for alle smakar, du kan jobbe med frivilligheit i inn- og utland, det finst internships, eller kanskje du har ein liten gründer i deg og vil starte opp di eiga bedrift? Det finst mange ulike studiemoglegheiter. Studer i Trondheim, i Danmark – eller kanskje Canada!

Tips til å tenke over ved yrkesval
Lidenskapar og interesser: Kva liker du – kva driv deg?
Ein stad å starte når det gjeld yrkesval, er å tenke over kva du liker, kva som engasjerer deg, og kva som fungerer som ei drivkraft. Liker du å vere med menneske, er du glad i fysisk aktivitet, variasjon, å skape noko, utvikle noko, reparere noko eller kanskje reklamere for noko? Kanskje du kjenner deg treft av fleire ting, eller ingenting i det heile. Då kan det vere lurt å utforske ulike arenaer du tek del i ved å vere bevisst rollene som finst der ute. Kan du til dømes sjå for deg deg sjølv rolla som trenar, butikksjef, tannlege, elektrikar, lærar eller fotograf? Tenk over kvar du kjenner at du kunne ha passa inn. Liker du at det skjer mange ting på ein gong, å ha mange folk rundt deg med eit høgt tempo, eller treng du meir ro rundt deg? Utforsk yrkeslivet med småjobbar, deltidsjobbar, sommarjobbar, frivilligarbeid eller ulike verv for å bli betre kjend med deg sjølv, interessene dine og styrkane dine.
Personlege verdiar og preferansar
Personlege verdiar, preferansar og meiningar er òg naturleg å ha med seg når du skal snuse på yrkesvegar. Kanskje du har stor rettferdssans? Eller har du behov for å vere kreativ, aktiv og til dømes kjempe for miljøet? Har du ein ibuande hjelpar i deg? Tenk mellom anna over desse punkta:
Kva betyr jobbtryggleik for deg? Er det viktig at det er lett å få seg jobb og ha økonomisk tryggleik, som fast lønn? Eller er du komfortabel med risiko, provisjon og bonusordningar?
Kva med arbeidstid? Ønsker du faste tider frå 8–16 eller meir fleksibilitet og fridom under ansvar? Ønsker du å jobbe i team eller meir sjølvstendig? Vil du ha ein jobb med mykje reising, eller vil du heller jobbe på éin stad?
Betyr arbeidsvilkår mykje for deg? Dette kan vere HMS-vilkår, krav på sjukepengar, oppseiingsvern, forsikringsordningar, ulike velferdsordningar og så vidare.
Kor viktig er lønn for deg? Er du villig til å jobbe mykje på kostnad av fritid?
Korleis stiller du deg til samfunnsverdiar? Ønsker du til dømes å bidra med berekraft, klima og miljø, eller handlar det brennande samfunnsengasjementet ditt om menneska i det – om velferd, fridom og likestilling?
Har du nokon moralske verdiar som du meiner må speglast på arbeidsplassen? Det kan til dømes vere integritet, fellesskap, samarbeid, inkludering eller sjølvstende.
Du bør balansere interesser med realistiske jobbutsikter og tenke langsiktig om kva for moglegheiter utdanningsvalet kan gi deg. Og kanskje handlar det ikkje berre om å velje ein jobb, men om det å finne ein grunn til å stå opp om morgonen – også på måndagar.

Eigenskapar og ferdigheiter: Kva er du god til, og kva meistrar du?
Kva du liker, og kva du er god til, går ofte hand i hand. Om du har ein lidenskap for matlaging, er resultatet av det du lagar, mest sannsynleg vellykka. Kanskje du har eit analytisk auge for å sjå løysingar i ein rekneskap, eller for å umiddelbart sjå kvar feilen ligg i ei elektrisk kopling.
Det du er god til, kan anten ha rot i eigenskapar du har lært deg, eigenskapar som ligg naturleg i deg eller ein god kombinasjon. Men det er fullt mogleg å utvikle ferdigheiter og eigenskapar som trengst innanfor eit yrke du ønsker deg. Det vil krevje innsats, men har du interessa, finst det få avgrensingar for kva du kan få til. Det å meistre noko er ofte ei drivkraft i seg sjølv, og du kan nå langt om du slepper viljesstyrken, innsatsen og pågangsmotet til.
Moglege avgrensingar, omsyn og hindringar
Det er naturleg å ha avgrensingar som påverkar valmoglegheitene våre – anten det er familieomsyn, helse, økonomi eller personlegdom. Det kan vere omsyn vi må ta eller hindringar som står i vegen. Somme kan overkommast, andre ikkje. Det er viktig å kjenne seg sjølv. Du bør til dømes like barn og leik for å jobbe i barnehage, og du må trivast utandørs om du vurderer anleggsarbeid. Tenk over kor langt du er villig til å strekke deg for ein draum. Vi menneske er ulike av natur, så det lønner seg å tenke over kva som gir deg eller tek frå deg energi når du skal velje yrkesvegen din.
Sjef i eige liv
Vala dine bør vere for deg sjølv, ikkje for andre. Lytt til eigne ønske og behov. Å følge andre sin veg kan føre til mistrivsel. Kven er den viktigaste personen i livet ditt? Det er deg. Ta vare på deg sjølv og styr din eigen kurs i livet.

Det er lov å ombestemme seg
Viss du ikkje aner kva yrke du skal velje, og viss du opplever det vanskeleg å navigere i eit hav fullt av moglegheiter, så er du ikkje åleine. For mange fell brikkene meir og meir på plass mens dei går på skule. Andre treng meir tid og vel til dømes å jobbe, drive med frivilligheit, reise eller gå på folkehøgskule etter vidaregåande. Du har faktisk ikkje dårleg tid. Livet er langt, og det er mange der ute som ombestemmer seg undervegs. Ferske tal frå 2025 viser at 1 av 4 studentar i høgare utdanning anten fell frå eller byter utdanning i det første studieåret. Det viktigaste er å lytte til seg sjølv, gjere val som kjennest rette og våge å prøve!
Kvar kan du få rettleiing og hjelp?
Snakk med dei som kjenner deg og vil deg godt. Del tankane dine. Det kan vere med familie, kjæraste, venner, læraren din eller trenaren din.
Oppsøk ein karriererettleiar, anten på skulen eller over nett: Karriereveiledning.no: Kontakt karriereveileder
Søk etter informasjon, til dømes "Open dag" ved utdanningsinstitusjonar, eller ta direkte kontakt med skulen/skulane du er interessert i. Dei kan svare deg på spørsmål og gi informasjon.
Sjekk ut nettsider, som til dømes
For å bli betre kjent med deg sjølv kan du ta ulike interessetestar og karriere- og utdanningstestar som gir deg forslag til yrke basert på interessene og styrkane dine:
Denne artikkelen er skriven av VIP Psykisk helse i skulen.