Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Igangkøyring

Når du har kopla opp eit hydraulikkanlegg og skal køyre det i gang for første gong, er det viktig å ha gode prosedyrar for sjølve oppstarten.

Omgrepsforklaringar

Oljestand

Oljestand er nivået av hydraulikkolje i tanken. Nivået må vere rett for å sikre god oljeforsyning. Målepinnen viser kva som er rett nivå.

Dreieretning

Dreieretning er den retninga motor og pumpe roterer. Ho må vere rett for at pumpa skal fungere.

Overtrykksventil

Overtrykksventilen avgrensar maksimalt trykk i systemet for å verne komponentane.

Lufting

Lufting er viktig for å fjerne luftbobler frå hydraulikksystemet så ein sikrar stabil drift.

Luftekran og lufteskrue

Luftekrana eller lufteskruen er den komponenten, altså delen, som skal opnast for å sleppe luft ut frå systemet.

Innkøyring

Innkøyring blir gjord dei første timane med drift. Då skal systemet overvakast, og filtera skal skiftast hyppig.

Filterinnsats

Filterinnsatsen er ein utskiftbar del av filteret som fangar opp partiklar i olja.

Arbeidstemperatur

Arbeidstemperaturen er den temperaturen olja har under normal drift. Han bør ligge mellom 40 og 50 gradar celsius.

Førebuing til igangkøyring

Før eit hydraulikkanlegg blir sett i drift for første gong, må vi kontrollere heile systemet grundig. Dette er viktig så vi sikrar at alle komponentane er riktig monterte, at olja er fylt korrekt, og at systemet er klart for trykksett drift utan risiko for skade eller funksjonsfeil.

Desse punkta må du kontrollere før igangkøyring:

  • Oljestand: Kontroller at oljenivået i tanken er rett ut frå spesifikasjonane til produsenten.

  • Nett- og styrespenning: Sørg for at elektrisk tilkopling er rett, og at styresystemet har korrekt spenning.

  • Dreieretning på pumpe og motor: Kontroller at motor og pumpe roterer i rett retning. Feil dreieretning kan føre til skade på pumpa.

  • Ventilinnstillingar: Overtrykksventilar, strupeventilar og straumreguleringsventilar skal vere opne for å tillate fri oljesirkulasjon under oppstarten.

  • Sugeleidning: Eventuelle ventilar i sugeleidningen må vere opne slik at pumpa får tilført olje.

  • Røyrkoplingar: Alle koplingar og sambindingar skal vere godt trekte til og kontrollerte for lekkasjar.

Igangkøyring

Når alle førebuingane er gjorde, kan du starte prøvekøyringa. Det må du gjere trinnvis og med lågt trykk. Då vil eventuelle feil eller lekkasjar få mindre konsekvensar og vere enklare å oppdage og rette opp.

1. Manuell kontroll

Start med å dreie pumpeakslingen for hand. Då får du ein indikasjon på om pumpa er mekanisk fri, og om olja bevegar seg som venta. Deretter losnar du lufteskruen på trykksida av pumpa. Så koplar du inn motoren ei kort stund nokre gonger for å kontrollere at pumpa syg olje.

Ved aksialstempelpumper med lekkoljeløp må pumpa fyllast med hydraulikkolje før du startar motoren. Det hindrar tørrkøyring og skade på pumpa.

2. Lufting av systemet

Etter at du har kontrollert sugeforholda, skal heile systemet, alle røyr, pumper og ventilar blir fylte med olje frå tanken. Pumpa startar med å pumpe hydraulikkolje rundt og pressar ut lufta som har vore i røra. Slik får du fjerna luftbobler som kunne forstyrra funksjonen og skadd komponentane.

Luftinga startar når du forsiktig opnar luftekraner og -skruar. I større anlegg blir systemet lufta i fleire trinn, frå pumpa og ut mot dei komponentane som er lengste unna. Enkeltverkande sylindrar har ofte eigne luftepluggar, mens dobbeltverkande sylindrar blir lufta ved at du beveger stempelet fleire gonger mellom endestillingane.

Luftinga er fullført når det kjem olje utan bobler frå luftepunkta.

3. Funksjonstest

Når systemet er lufta, testar du dei ulike beteningsorgana på aggregatet enkeltvis. Trykket skal framleis vere lågt. Viss alt fungerer som det skal, aukar du trykket gradvis ved å justere overtrykksventilen.

Under denne fasen skal du kontrollere dette:

  • Lekkasje: Kontroller heile leidningsnettet for lekkasjar. Om du oppdagar ein lekkasje, må du redusere trykket og trekke til koplingane.

  • Oljestand: Kontroller at oljenivået framleis er innanfor toleransane.

  • Temperatur: Overvak arbeidstemperaturen. Han bør ligge mellom 40 og 50 gradar celsius. Høgare temperatur kan tyde på feil i systemet, som til dømes blokkeringar eller overbelastning.

4. Innkøyring og filterkontroll

Under innkøyringsperioden må du skifte filterinnsatsane med korte mellomrom. Det er fordi partiklar som har losna under montering og spyling, framleis kan sirkulere i systemet.

Tilrådde kontrollintervall er etter

  • 1 time

  • 10 timar

  • 25 timar

Etter dette kan du la filterkontrollen inngå som ein del av det rutinemessige vedlikehaldet, tilpassa driftstida til anlegget og miljøpåverknaden.

Oppsummering

Igangkøyring av eit hydraulikkanlegg må skje systematisk og kontrollert. Før oppstart må alle komponentar og koplingar kontrollerast, og systemet må luftast grundig. Prøvekøyring skal skje ved lågt trykk, og systemet skal overvakast for lekkasjar og temperaturavvik. Filterinnsatsane må skiftast jamleg under innkøyringa for å sikre rein olje og god driftssikkerheit.

Rett igangkøyring gir trygg drift, forlenger levetida på komponentane og reduserer risikoen for feil og havari.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 21.04.2026