Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Montering av komponentar

Når du bygger eit hydraulikkanlegg, må du velje rette komponentar og montere dei på rett måte for at systemet skal fungere sikkert og effektivt. Samtidig er det svært viktig å jobbe reint, fordi sjølv små partiklar og forureiningar kan føre til feil, slitasje eller skade på anlegget.
Omgrepsforklaringar

Omgrepsforklaringar

Presisjonsrøyr
Presisjonsrøyr har høg nøyaktigheit i diameter og veggtjukne og blir brukte i hydraulikkanlegg.
Skalfri
Skalfrie røyr er utan oksidlag eller overflatebelegg som kan forureine systemet.
Glødde
Eit glødd røyr er varmebehandla for å redusere spenningar og forbetre formbarheit.
Oljefart
Oljefart er kor fort olja bevegar seg i røyret, målt i meter per sekund.
Koplingsskjema
Koplingsskjemaet er teikninga som viser korleis komponentane i eit hydraulikksystem skal koplast saman.
Energidirigent
Ein energidirigent er ein bevisst utforma detalj på ein plast- eller metallkomponent som konsentrerer og leier energi til eit bestemt område slik at materialet smeltar og dannar ei sterk samanføying ved til dømes ultralydsveising.
Syrefast stål
Syrefast stål toler aggressive miljø som sjøvatn og kjemikal.
Trykkleidning
Trykkleidningar er røyr eller slangar som fører olje under trykk frå pumpa til aktuatoren.

Montering av komponentar

Mens du utfører monteringsarbeidet, er det viktig å halde røyruttak, påfyllingsopningar og andre opningar på komponentane lukka heilt fram til den endelege installasjonen og påfyllinga av tanken.

Hydraulikkanlegg er svært kjenslevare for partiklar og ureiningar, og forureining kan føre til lekkasjar, redusert yting og i verste fall havari. Derfor skal alle opningar haldast tette fram til systemet er klart for montering og påfylling. Bruk alltid godkjende tettemateriale, og kontrollar at pluggane er fjerna før systemet blir teke i bruk.

For å halde opningane tette bør du bruke plastpluggar eller plasthetter, aldri twist eller papirproppar.

NB ! Hugs å fjerne pluggane før montering!

Val av røyr

På trykksida i røyropplegget bør det berre brukast saumlause presisjonsstålrøyr i standarden DIN 2391C, som er

  • skalfrie

  • glødde

  • rustbeskytta og olja

  • med stålkvalitet St. 35.29

Saumlause presisjonsrøyr har jamn veggtjukne og høg dimensjonsnøyaktigheit. Det gir betre tettleik og mindre risiko for lekkasje.

Som suge- og returrøyr bør det brukast stålrøyr i samsvar med NS 582 (DIN 2448). For mindre oljestraumar er det òg tilrådd å nytte presisjonsrøyr.

HUGS: Galvaniserte røyr må ikkje brukast i hydraulikkanlegg.

Når du monterer røyropplegg for hydrauliske anlegg i miljø, som ved eksponering for sjøvatn, bør du alltid bruke rustfrie og syrefaste røyr. Aktuelle stålkvalitetar kan vere NS 14 450, SIS 2343, eller AISI 316(L). Koplingane bør vere av same kvalitet som røyra, men kan i nødsfall vere av vanleg karbonstål, føresett at dei er godt verna. Koplingar i rustfritt og syrefast stål blir tilrådde.

Val av røyrdimensjon og røyrtjukne er avhengig av oljestraum, trykk og bruksstad. Det er viktig at du forheld deg til dei tekniske teikningane frå leverandørane og dei tekniske dataa til komponentane.

Tilrådde dimensjonar kjem vanlegvis fram av eit koplingsskjema. Om det ikkje ligg føre noko koplingsskjema, finst det generelle retningslinjer du kan følge.

Omgrepet "leidning" blir her brukt som samleomgrep for både slangar og røyr.

Tabell - Oljefart for sugeleidning

Oljefart - sugeleidning

Slangetype

Oljefart

stigande leidning0,7–1 m/sek
fallande leidning1–1,5 m/sek
returleidning2 m/sek

Tabell - Oljefart for trykkleidning

Oljefart - trykkleidning

Arbeidstrykk

Oljefart

5 MPa (50 bar)3 m/sek
10 MPa (100 bar)4 m/sek
20 MPa (200 bar)6 m/sek

Tabell - Val av røyrdimensjon (L-serie)

Val av røyrdimensjonar - Røyrtype: L-serie (160–315 bar)

Utvendig diameter (mm)

Vegg (mm)

Trykk (MPa)

Oljestraum (l/min)

61,5102
81,5105
101,51010
121,51016
151,51030
182,01045
222,01065
282,010115
352,510180
422,510275

Tabell - Val av røyrdimensjon (S-serie)

Val av røyrdimensjonar - Røyrtype: S-serie (315–630 bar)

Utvendig diameter (mm)

Vegg (mm)

Trykk (MPa)

Oljestraum (l/min)

61,5

32

2
81,5

32

5
101,52510
12

1,5

2,0

20

32

16

12

16

2,0

3,0

23

41

30

20

20

2,0

3,0

19

32

50

30

25

2,5

3,5

20

31

80

65

30

3,0

4,0

20

30

115

100

38

3,5

5,0

19

29

190

160

Du bør unngå å bruke varme når du arbeider med røyra. I staden bør røyra bøyast kalde, utan at du fyller dei med sand eller bly. Om det i spesielle tilfelle er nødvendig å sveise røyra, må du plassere sveiseskøytane slik at du enkelt kan glatte innsida av røyret med handverktøy, som ei slipemaskin eller ei skrape.

Ved sveising av hydraulikkrøyr må innsida av røyret vere heilt glatt for å unngå turbulens og partikkelsamling. Sveiseskøytar bør plasserast slik at dei er tilgjengelege for inspeksjon og reingjering. Etter sveising bør røyret skyljast med hydraulikkolje eller reinsevæske for å fjerne sveiserestar.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 21.04.2026