Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Ettersyn og vedlikehald

Tekniske anlegg treng regelmessig ettersyn og vedlikehald for å sikre stabil og funksjonell drift. Planen for vedlikehald må du tilpasse drifta av og belastninga på anlegget. Målet må vere å førebygge feil og forlenge levetida til utstyret.

Ettersyn, vedlikehald og reparasjon

Den første tida under drift må anlegget overvakast stadig. Ettersyn og vedlikehaldsarbeid bør helst følge ein vedlikehaldsplan som blir bestemt av driftsform og driftsforhold. Formålet med regelmessig ettersyn og vedlikehald er mest mogleg funksjonssikkerheit og stabil drift.

Eit regelmessig vedlikehald har tre hovudfunksjonar med underpunkt:

Ettersyn

  • måle oljestand og -temperatur, trykk, oljestraum, tidsforbruk, trykkfall i filter osb.

  • kontrollere funksjonar

  • vere vaken for unormale lydar, endringar i utsjånaden til oljen, lekkasjar o.l.

  • måle forureiningsnivået i oljen

Vedlikehald

  • halde anlegget reint, særleg rundt pustefilteret

  • skifte filterinnsatsar

  • etterfylle/skifte olje

  • justere ventilinnstillingar

  • smørje bevegelege delar

Reparasjon

  • reparere skadde delar

  • skifte utslitne delar og komponentar

  • køyre inn reparerte/skifta einingar og innstille ventilar som høyrer til osb.

Eit løpande vedlikehald er så viktig at ein del av punkta blir utdjupa nedanfor.

Vedlikehald og kontrollrutine

Det er viktig å lage seg gode rutinar for vedlikehald. Her må du følge krava frå leverandørane, både når det gjeld timetal og tidsrom.

Tabellen under kan vere eit godt utgangspunkt for ein slik plan for vedlikehald og kontrollrutinar.

Kontrollrutinar for vedlikehald

Kontrollpunkt

Kontrollperiode

oljestanddagleg
oljetemperaturdagleg
ytre lekkasjardagleg
trykkforholddagleg
støy og vibrasjonvekevis/månadleg
oljefilter (trykkfallsindikator)vekevis/månadleg
mekaniske festevekevis/månadleg
røyr og slangeforbindelsarvekevis/månadleg
pakningarvekevis/månadleg
vernekapper og belgarvekevis/månadleg
generell ytre tilstand, nedstøving, skadarmånadleg/kvartalsvis
volumstraum/trykk månadleg/kvartalsvis
trykkakkumulatorar, forladetrykk2–4 gonger per år
oljetilstand2–4 gonger per år
oljetank/system innvendigårleg

Oljestand

For låg oljestand kan føre til at pumpa syg luft. Det gir i første omgang luftinnblanding og skumdanning i oljen. Støynivået stig, belastninga på pumpa aukar kraftig og ho kan bli heilt øydelagd i løpet av minutt. Låg oljestand kan òg føre til at oljetemperaturen stig.

Det er særleg viktig å kontrollere oljestanden i tanken mens eit anlegg med røyr, sylindrar og motorar blir fylte opp med olje frå aggregatet. Før ei oppfylling kan reknast som avslutta, må oljestanden vere kontrollert.

Oljetemperaturen endrar seg elles med omgivnadstemperatur og belastning. Ein generell regel er at mineraloljar ikkje bør arbeide med temperaturar over 60–65 gradar Celsius. Du skal kunne la handflata ligge roleg mot ei tankflate eller eit røyr utan at det kjennest ubehageleg varmt.

Temperaturen er òg kopla sterkt saman med viskositeten i oljen. Viskositeten har større direkte betydning for komponentane i systemet (pumper, motorar osb.) enn temperaturen.

Oljetilstand

Oljeprøvar som blir tappa frå anlegget, kan bestemme den fysiske og kjemiske tilstanden til oljen. Det er svært viktig at oljen i prøven er representativ for oljen i anlegget. Det oppnår du ved å tappe prøveoljen frå anlegget mens det er i arbeid og har komme opp i normal temperatur.

Du bør tappe gjennom ein ventil som kan opnast under drift. Ventilen bør stå i returleidningen, før returfilteret.

For å få ein mest mogleg korrekt prøve må du opne ventilen. Oljen må renne gjennom til du er sikker på at eventuelle lagra restar eller avleiringar i ventilen er spylte ut før du set ei prøveflaske framfor strålen. Flaska må sjølvsagt vere omhyggeleg reingjord og tørr. Skrukapsel gir god og sikker tetning.

Passande volum er 0,2 liter. Flaska må ikkje fyllast meir enn 2/3 full. Er det ikkje mogleg å tappe oljen frå løpande anlegg, kan du tappe olje med ein hevert frå rundt midten av tanken. Oljen må renne omtrent eit minutt før du fyller flaska. Du må ta prøven straks etter at anlegget er stansa. Då unngår du at partiklar som svever i oljen, søkk til botns.

Ta aldri oljeprøvar til analyse frå tankbotnen eller tappeholet i tanken. Då blir nedfelt slam og eventuelt vatn med, og prøven blir lite representativ. Derimot kan ein tankbotnprøve avdekke at tanken treng reingjering.

Du må sende oljeprøven til eit laboratorium for å få ein påliteleg forureiningsanalyse. Du kan levere flasker og utstyr for prøvetaking og sørge for å få det analysert. Ut frå analyserapporten kan du anbefale kva som bør gjerast med anlegget.

Eit alternativ kan vere ein partikkelteljar. Han tel partiklar i dei ulike partikkelstørrelsane i samsvar med ISO- eller NAS-klassar. Desse testane bør du helst gjere på nettet i hydraulikkanlegget under drift. Då får du mest mogleg representative resultat. Den største fordelen med dette utstyret er at du får måleresultatet straks testen er avslutta.

Då kan du setje i verk eventuelle nødvendige tiltak med det same. Alle typar forureiningsanalysar treng fleire prøvar over tid. Slik kan du analysere utviklinga og seie noko om allmenntilstanden til anlegget. Det finst ingen enkel måte som gir eksakte svar på oljetilstanden. Syns- og luktinntrykk kan likevel gi deg ein viss idé om typiske forhold.

Tabellen under gir nokre retningslinjer:

Tabell for misfarging av olje

Symptom

Forureining

Moglege årsaker

mørkfargingoksydasjonsprodukt

høg temperatur,

gammal olje,

blanding av oljetypar

blakkingvatn eller skum

vasstilgang (kondens),

luftinnsuging,

innpisking

vassutskiljingvatnvasstilgang (t.d. frå oljekjølar)
luftblærerfaste forureiningar

slitasjepartiklar,

smuss,

aldringsprodukt

forbrenningsluktaldringsprodukt

overoppheting,

forbrenning (i sylindrar; kontroller pakning)

Vedlikehald

Funksjonen og bruksområdet til anlegget, og resultatet av det regelmessige ettersynet, bestemmer kor mykje vedlikehald du må gjere.

Vedlikehaldsrutinane for anlegg med viktige funksjonar døgnet rundt er sjølvsagt forskjellige frå system med kortvarig bruk i hjelpefunksjonar. Likevel må du ha strengt oppsyn med nødsystema og vedlikehalde dei nøye sjølv om dei kanskje aldri skal brukast. Dei må fungere knirkefritt om behovet skulle melde seg.

Uansett driftsforhold gjer ein god plan vedlikehaldet lettare. Han bidreg òg til betre driftssikkerheit for anlegget. I tabellen under finn du ein del aktuelle punkt.

KorrigerAnde VedlikehAldsarbeid

Vedlikehaldsarbeid

Periode

utbetre/justere uregelmessigheiter som er avdekte ved periodisk kontrollved behov
tappe og kontrollere botnfall og slam frå tankenved behov
reingjere ytre flater for nedfall og støvvekevis/månadleg
skifte innsatsar i olje- og luftfilterved behov ut frå trykkfallsindikator, ev. etter 200–300 timar, eller årleg
skifte oljeved behov; hugs ev. oljeprøve
skifte pakningar og slangaretter vedlikehaldsprogram eller ved teikn til skade
smørje mekaniske sambindingaretter vedlikehaldsprogram
reingjere sekundærkomponentar (vasskjølar, varmekolbar osb.)årleg

NB! Ved prøving og overhaling av pumper og styreutrustingar må service-informasjonen for alle delane følgast nøye. Hugs at det påverkar garantivilkåra dersom du ikkje følger opplysningane frå leverandøren.

Skrive av Roger Rosmo.
Sist oppdatert 01.07.2025