«Ikkje spør om det» – andregjering og kulturell identitet - Sosiologi og sosialantropologi - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

«Ikkje spør om det» – andregjering og kulturell identitet

Kan vi skape eit meir inkluderande fellesskap ved å bli betre kjende med kvarandre? I denne episoden av NRK-programmet «Ikkje spør om det» møter vi eit knippe menneske som utfordrar biletet av muslimar som ei einsarta gruppe.

Muslimar og andregjering

  1. Les fagartikkelen om kulturell identitet og andregjering under oppgåva. Her finn du omgrep og perspektiv som du kan bruke til å reflektere rundt spørsmåla i denne oppgåva.
  2. Lag ein definisjon av andregjering, der du bruker dine eigne ord for å forklare kva det går ut på.
  3. Samanlikn med svaret til ein medelev, og bli einige om ein felles definisjon.
  4. Diskuter i par: Vil de seie at muslimar i Noreg i dag blir utsette for andregjering? Grunngi svara dykkar.
  5. Regjeringa har laga ein handlingsplan for å kjempe mot diskriminering av og hat mot muslimar. Les Erna Solbergs tale om dette på nettsidene til regjeringa. Korleis grunngir ho denne handlingsplanen?

Regjeringa: Handlingsplan mot diskriminering av og hat mot muslimar.

Relatert innhald

Fagstoff
Kulturell identitet og andregjering

Det kan skape utanforskap når vi definerer nokon som "dei andre". Korleis kan andregjering avgrense identiteten og kjensla di av tilhøyrsle?

Ikkje spør om det

Sjå episoden av NRK-programmet Ikke spør om det, der norske muslimar svarer på anonyme spørsmål frå publikum. Gjer deretter oppgåvene under.

  1. Kva svarer dei ulike deltakarane på spørsmålet «Føler du deg norsk?»? Skriv ned i stikkordform.
  2. Diskuter svara i par. Kva seier dette om kva vi oppfattar som norsk og kven som får «lov» til å tilhøyre det norske fellesskapet? Er det nokon av svara som prøver å skape eit «tredje rom» for norskdom?
  3. Identifiserte du deg med nokon av deltakarane i programmet? Viss svaret er «ja»: Kva er grunnen til dette?
  4. Trur du eit slikt program kan motverke stereotypiar om og andregjering av muslimar som gruppe? Grunngi svaret.
Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 24.09.2020