Rånekulturen i Rådebank
1. Før du ser filmen
Tenk deg at du skal lage ein film frå eit rånemiljø. Korleis vil du gå fram for å beskrive denne kulturen så ekte og realistisk som mogleg?
Sjå filmen (lengde 4:38) og jobb med oppgåvene under.
2. Spørsmål til filmen
Kva for nokon ytre kjenneteikn har rånekulturen?
Kva normer og verdiar er viktige i rånekulturen?
I filmen ser vi nokre korte klipp frå serien. Korleis har filmskaparane gått fram for å beskrive rånemiljøet så realistisk som mogleg?
I kva grad meiner du at filmklippa gir eit realistisk bilete av rånekulturen?
Rånekulturen er ein subkultur. På kva måte bryt rånekulturen med den dominerande kulturen i samfunnet?
I det siste klippet i videoen kjem det fram at Sivert planlegg å flytte til Trondheim for å studere. Kvifor kan ein slik plan skape konflikt i ein subkultur som rånemiljøet?
3. Beskriv rånekultur
Beskriv rånekultur i ein kort tekst. Bruk så mange av omgrepa under som du klarer:
subkultur
normer
verdiar
identitet
identitetsmarkørar
fordommar
stereotypiar
4. "God" og "dårleg" kultur
I talen sin seier Sivert (2:30):
"For noen av dere her er ikke råning kultur av den rette typen."
Kva meiner han med det, trur du?
Les artikkelen om sosiologen Pierre Bourdieu. Korleis kan teorien til Bourdieu forklare at somme grupper i samfunnet ser ned på rånekulturen og meiner at det ikkje er den "rette typen" kultur?
Andre subkulturar
Serieskaparane valde å lage ein serie om rånekulturen for å nå ut til unge menn utanfor byane, men òg fordi dette er ein kultur som mange har fordommar mot, og som ofte blir stereotypisk framstilt i media.
Finst det òg andre subkulturar som hadde fortent ei betre framstilling i media, etter di meining?
Kva slags fordommar og stereotypiar er gjerne knytte til desse subkulturane?
Nemn nokre konkrete døme på positive verdiar, normer, haldningar, kunnskap eller tradisjonar frå desse subkulturane som burde få meir merksemd.