Korleis endrar samfunnet seg?

Oppgåve 1. Korleis endra koronapandemien oss?
I mars 2020 vart Noreg stengt ned på grunn av koronapandemien, og folket i Noreg opplevde den strengaste avgrensinga av eigen fridom i etterkrigstid. Kva gjorde det med folk? Sjå på punkta nedanfor, og reflekter over på kva måtar individa i samfunnet fekk eit anna forhold til
smarttelefonen
ein tur i butikken
korleis ein kjem seg frå éin stad til eit anna
feriar
venskap
skulekvardagen
fritidsaktivitetar
kjærast (eller moglegheita til å få seg ein ny ein)
nyheiter og beskjedar frå styresmaktene
Merk deg dei viktigaste og mest interessante endringane, og skriv ned stikkord.
Gå saman i grupper på cirka tre personar, og lag ein podkast på 10–15 minutt der de drøftar spørsmålet: Korleis endra koronapandemien Noreg? Bruk stikkorda de noterte som snakkepunkt i podkasten.
Forsøk å bruke fagomgrep aktivt i samtalen. Her er nokre fagomgrep som er relevante for temaet:
primærsosialisering
sekundærsosialisering
kultur, sosiale grupper
sosiale nettverk
roller
normer
internalisering av normer
tabu
sosiale konvensjonar
krysspress
sosial kontroll
sanksjonar
Oppgåve 2. Har behova våre endra seg?
Abraham Maslow er kjend for "Maslows behovspyramide", som er vist ovanfor. Sjå på behovspyramiden, og reflekter i grupper: Kva for nokre av desse behovsområda vart svekte av koronapandemien under nedstenginga? Grunngi svara deira, og kom med konkrete døme.
De kan lese meir om behovspyramiden på sida Abraham Maslow (snl.no).Reflekter over behovspyramiden. Kan de kome med døme på korleis behova nedst nede i pyramiden kan vere viktigare enn behova høgare opp i pyramiden?
Behovspyramiden kan kritiserast for å vere typisk for vestlege og individorienterte samfunn fordi han plasserer sjølvrealisering på topp. Kan det òg vere grupper og samfunn som set fellesskapet og tilhøyrsel til ei gruppe høgare enn personleg utvikling? Reflekter.
Som de ser i behovspyramiden, meinte Maslow at dei fysiologiske behova var dei mest grunnleggjande, det vil seie at ein først må få dekt tryggleiksbehov og anerkjenning før ein eventuelt kan utvikle sjølvrespekt og til slutt sjølvrealisering. Det er ikkje alle som er einige i det.
Kva meiner de er viktigast for eit menneske? Gå gjennom alle nivåa i pyramiden, og teikn opp deira eigen behovspyramide basert på kva de meiner er viktigast.