Stereotypiar og mytar

Å skjere alle over ein kam
Stereotypiar er ein del av korleis menneske ser verda. Det er ein måte å systematisere og lage orden på i mylderet av menneske og samfunn som omgir oss. Ein stereotypi er ei inngrodd førestilling om korleis ei gruppe menneske er. Ei slik gruppe kan vere kvinner, kongelege, religiøse grupperingar eller eigentleg kva som helst.
Skildringane er ofte overdrivne og tek ikkje omsyn til at det finst variasjonar internt i grupper. No er det kanskje veldig lett å tenkje at stereotypiar er negative, at skildringane tek utgangspunkt i negative sider ein går ut frå at ei gruppe har, men det finst òg positive stereotypiar.
Uansett om dei er negative eller positive, er stereotypiar lettvinte meiningar om menneske vi kanskje ikkje eingong har møtt. Dei kan rett og slett vere baserte på noko vi har lese eller høyrt frå nokon andre. Oppfatninga vår er altså ikkje basert på erfaring.
Klassiske døme på stereotypiar er at politikarar er løgnarar, franskmenn er lidenskapelege, og engelskmenn er høflege. Vi skal ikkje sjå bort frå at det finst løgnaktige politikarar, lidenskapelege franskmenn eller svært høflege engelskmenn, akkurat som det finst finnar, maoriar og andre med dei same eigenskapane. Slike utsegner tek likevel ikkje omsyn til at det faktiske finst ærlege politikarar, lite lidenskapelege franskmenn og uhøflege engelskmenn. Med slike stereotypiar blir alle skorne over ein kam, alle blir betrakta som like.
Seigliva og hardføre
Stereotypiane påverkar korleis vi ser verda. Dersom vi har høyrt dei ofte nok, fargar dei møta vi har med andre. Vi overser det som ikkje stemmer med dei førestillingane vi hadde frå før, og legg merke til alt som kan bekrefte stereotypiane.
Dette er noko av grunnen til at stereotypiane er vanskelege å forandre. Dei bit seg fast og blir oppfatta som sanne, dei kan derfor bli til det vi kallar for sjølvoppfyllande profetiar. Høyrer vi dei mange nok gonger, har vi ein tendens til å oppfatte dei som sanningar. Stereotypiar er seigliva, men dei kan likevel endre seg over tid.
Eit anna viktig poeng er at stereotypiane ikkje berre påverkar korleis vi oppfattar andre menneske, men dei kan òg påverke korleis "dei andre" oppfattar seg sjølve.
Etniske stereotypiar
Denne typen stereotypiar er retta mot etniske grupper og har ofte hatt eit nedsetjande og moralsk fordømmande preg. Grupper som samar, maoriar og grønlandske inuittar har støtt og stadig vorte utsette for denne typen karakteriseringar. Ein utbreidd stereotypi om desse folkegruppene er til dømes at dei er alkoholiserte og underutvikla.
Vi snakkar altså om etniske minoritetsgrupper som tradisjonelt har stått i ein avmaktposisjon i forhold til majoritetsbefolkninga. Dette er minoritetsgrupper som ikkje har hatt politisk makt eller innverknad i det landet dei er i.
Mange har etniske stereotypiar om samar. At samar berre driv med reindrift og bur på Finnmarksvidda, er eit par døme. Slikt er med på å måle eit verkelegheitsbilete som ikkje nødvendigvis stemmer med realiteten.
Dei etniske stereotypiane blir gjerne gjentekne av majoritetsbefolkninga, og sidan dei sit med definisjonsmakta, kan stereotypiane bli oppfatta som sanne. Slik blir stereotypiar til myter som "forklarer" verkelegheita.