Dei nasjonale minoritetane i Noreg - Samfunnskunnskap - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Dei nasjonale minoritetane i Noreg

Dei fem nasjonale minoritetane i Noreg er jødar, kvenar, romar, romanifolk og skogfinnar. Alle minoritetsgruppene har ei over hundre år lang historie i Noreg, og alle har blitt utsette for fornorskingspolitikk eller avgrensing av tilgang til landet.

Minoritetspolitikken

Statens minoritetspolitikk overfor dei fem minoritetsgruppene har klare likskapstrekk, men også store forskjellar. Likskapstrekk i den forstand at det har vore eit negativt stempel på desse minoritetane. Dei har vore sett på som annanrangs innbyggarar og "eigentleg innvandrarar" (St.meld. 15 (2000–2001), kap. 4). Politikken har også til tider vore prega av det faktum at alle dei fem minoritetane i tillegg til si tilknyting til Noreg er knytte til internasjonale fellesskap, som har vore med på å definere kulturen og identiteten til gruppene. Forskjellig i den forstand at nokre av minoritetsgruppene har vore utsette for til dels svært grove overgrep.

Kvenar og skogfinnar

Politikken overfor kvenar og skogfinnar er noko som endra seg frå positivt til negativt på 1800-talet. Desse to minoritetane er grenseminoritetar, og har på kvar sin måte blitt behandla ut ifrå sikkerheitspolitiske omsyn i Noreg. Der iallfall kvenane blei ønskte velkommen på 1600- og 1700-talet på grunn av jordbrukskulturen og ei moglegheit til å sikre norsk territorium i grensetraktene, blei både kvenane og skogfinnane på 1800-talet eit symbol på "den russiske faren" og "den finske faren". Dette legitimerte fornorskingspolitikken, som etter kvart blei rådande minoritetspolitikk både overfor kvenar og skogfinnar.

Skogfinnane byrja å busetje seg i grenseområda på Austlandet rundt 1600. På 1800-talet byrja myndigheitene å frykte finsk separatisme i grenseområda.

Fornorskingspolitikken overfor kvenar og skogfinnar var noko annleis i uttrykk enn overfor samane. Her var det meir kulturpolitisk. Sjølv om det var fornorsking i skulen, var det viktigaste grepet eit jordsalsreglement om at sal av jord berre skulle skje til norske statsborgarar som kunne lese, skrive og snakke norsk. Politikken blei særleg ført mot kvenane og førte til haldningar, og ei kjensle hos kvenane sjølve, om at dei var mindreverdige.

Trass i fornorskingspolitikken veit ein at finsk blei snakka på Finnskogen (langs grensa mot Sverige frå Våler og Trysil i nord til Vinger i sør) til midt på 1900-talet. Nokre finske ord og uttrykk er framleis i bruk.

Jødane i Noreg

Historia til jødane i Noreg er kortare enn i andre europeiske land. På 1600- og 1700-talet var politikken frå myndigheitene prega av ambivalens. Lovene var restriktive overfor jødane, men på same tid fekk dei gjerne såkalla leidebrev som gav dei rett til å drive handel i periodar då det var behov for tilførsel av kapital.

Lovene både på 1600-talet og i Grunnlova av 1814 stengde jødar ute frå riket. Jødeparagrafen frå 1814, eller religionsparagrafen, var definert etter religiøse kriterium, men hadde bakgrunn i fordommar. Det blei blant anna argumentert med at jødane var grådige og for mektige og dyktige innan handel. I 1851 blei Grunnlova endra slik at jødar fekk reise inn og busetje seg. Det tok likevel tid før det kom mange jødiske innvandrarar. Først med forfølgingar av jødar i Aust-Europa frå 1800-talet kom det nokre fleire. Dei fleste som kom, busette seg i Trondheim og Oslo.

I 1920 var det omtrent 1500 jødar i Noreg. Men med andre verdskrigen skulle dette endre seg. Krigen blei ein katastrofe også for dei norske jødane. 772 jødar blei deporterte frå Noreg til tyskkontrollerte konsentrasjonsleirar der 753 av dei blei drepne. 230 familiar med norske jødar blei heilt utrydda. Først i dag nærmar talet på norske jødar seg det same nivået som det var på før krigen.

Politikken overfor rom og romanifolket

Minoritetspolitikken overfor romar og romanifolket/taterane har i forskjellige periodar opp gjennom historia vore hardare og til dels prega av overgrep i statleg regi. Dei forskjellige framandlovene frå 1901 og frå 1915 spesielt skulle hindre innreise og ferdsel, og myndigheitene skulle registrere og kontrollere reisande inn til landet.

I 1924 gav Justisdepartementet beskjed om at viss ein rom kunne vise fram norske papir, skulle ein gå ut frå at dei var falske, høyrde til nokon andre eller var skrivne ut ved ein feil. Den såkalla "sigøynarparagrafen" i framandlova av 1927 slo fast at "sigøynere og andre omstreifere som ikke godtgjør å ha norsk statsborgerrett, skal nektes adgang til riket" (Brustad, 2023).

Den norske politikken overfor rom og romanifolket har delvis vore med same utgangspunktet. Begge var reisande folk, og Eilert Sundt lanserte på 1800-talet ein teori om "fantefolket" som bestod av to grupper. For begge gruppene gjaldt at dei blei sett på som ei slags landeplage, og ein forsøkte å kontrollere dei. Kontrollen var blant anna gjennom kriminalisering av den omreisande måten å leve på.

Men mens målet med politikken overfor romani/taterar var tvungen fornorsking, var den rådande haldninga at romar aldri ville kunne bli "gode nordmenn" og derfor måtte jagast ut og nektast åtgang til landet. Romani/taterane skulle også få kristen oppseding, og foreininga Norsk misjon blant heimlause blei oppretta i 1935. Misjonen tok barna til dei reisande og plasserte dei på institusjonar og i fosterheimar for at dei skulle få det dei meinte var ei norsk og kristen oppseding.

Stikkord som tvangssterilisering, tvangsplassering av barn i fosterheimar og kriminalisering av livsforma pregar fornorskingspolitikken overfor denne gruppa. Denne politikken har bidrege til å undergrave romanifolket/taterane sitt tradisjonelle levesett og tradisjonelle kultur, og har ført til at mange i dag er tilbakehaldne med å fortelje om bakgrunnen og identiteten sin.

Romar (tidlegare kalla sigøynarar) har lang historie i landet. Norske romar innvandra til Noreg frå Valakia i dagens Romania frå rundt 1860. På denne tida hadde Noreg ein open innvandringspolitikk. Romske barn som blei fødde i Noreg, fekk norske statsborgarskap og/eller rett til opphald. Frå rundt år 1900 vart politikken mot romar mykje strengare i mange europeiske land. Noreg brukte den stadig meir antisiganske (anti-romske) framandlova til å gjere fleire romar statslause og hindre norske romar å komme inn i landet når dei var på veg tilbake etter opphald i andre land. Også utanlandske romar var uønskte og blei nekta åtgang til riket.

I 1934 forsøkte ei gruppe på 68 romar med tilknyting til Noreg å reise tilbake til heimlandet. Etter beskjed frå norske myndigheiter, vart dei stoppet på grensa mellom Tyskland og Danmark, og Noreg gav beskjed om at dei ikkje var ønskte. Mellom 1938 og 1939 begynte det nazistiske Tyskland å internere større grupper romar i Tyskland, og mange mista livet i konsentrasjonsleirane. Då krigen braut ut, var dei fleste norske romane anten i Belgia eller i Frankrike. Mellom 1943 og 1944 vart til saman 66 romar med tilknyting til Noreg deporterte frå Belgia til utryddingsleiren Auschwitz-Birkenau. Av dei overlevde berre fire.

Unnskyldning for statleg politikk

I stortingsmelding nr. 15 (2000–2001) om dei nasjonale minoritetane kan vi lese at:

"Regjeringa seier seg òg lei for den fornorskingspolitikken som har råka alle dei nasjonale minoritetane, og vil på staten sine vegner be om orsaking for den måten minoritetane er blitt behandla på."

I same stortingsmeldinga går unnskyldninga spesielt til romanifolket som blei utsette for alvorlege overgrep.

Med presentasjonen av NOU 2015: Assimilering og motstand - Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag kom til slutt òg Kyrkjas Sosialteneste, som er ein organisasjonen som har utspring i Norsk misjon blant heimlause, med ei atterhaldslaus unnskyldning for dei krenkingane og overgrepa Misjonen utsette tater- og romanifolket for.

På romanes internasjonale dag, den 8. april i 2015, beklaga dåverande statsminister Erna Solberg på vegner av staten den rasistiske ekskluderingspolitikken Noreg hadde ført mot romar. Unnskyldninga kom som ei følge av dokumentasjonen til HL-senteret av Noregs tidlegare politikk mot romar i rapporten "Å bli dei kvit". Utviklinga av ein "sigøynarpolitikk"og utryddinga av norske rom.

Kjelder

Banik, V. K. (2017, 11. august). Nasjonale minoriteter i Norge. I Store Norske Leksikon. https://snl.no/nasjonale_minoriteter_i_Norge

Brustad, J.A.S. (2023, 29. september). Norske rom og det nazistiske folkemordet. HL-senteret. https://www.hlsenteret.no/undervisning/kunnskapsbasen/Ulike%20folkemord/folkemord-under-nazismen/andre-grupper/norske-rom-og-det-nazistiske-folkemordet.html

NOU 2015: 7. (2015) Assimilering og motstand - Norsk politikk overfor taterne/romanifolket fra 1850 til i dag. Kommunal- og moderniseringsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-7/id2414316/

NTB (2015, 1. juni). Misjonsorganisasjon ber tatere om unnskyldning. Stavanger Aftenblad. https://www.aftenbladet.no/innenriks/i/e5m5Q/misjonsorganisasjon-ber-tatere-om-unnskyldning

Rosvoll, M., Lien, L. & Brustad, J.A. (2015). "Å bli dem kvit". Utviklingen av en "sigøynerpolitikk" og utryddelsen av norske rom. Senter for studier av holocaust og livssynsminoriteter. https://www.regjeringen.no/contentassets/a10ae43b518a4a80b98dd4df0f1c3964/a_bli_dem_kvit_hl_senteret.pdf

St.meld. nr. 15 (2000–2001). Nasjonale minoritetar i Noreg - om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar. Kommunal og moderniseringsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-15-2000-2001-/id585195/

St.meld. nr. 44 (2003–2004). Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningslidende samer og kvener. Justis- og beredskapsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-44-2003-2004-/id198295/

Relatert innhald

Fagstoff
Kvenane

Kvenane er ein norsk minoritet som har vandra frå Nord-Finland og Nord-Sverige.

Skrive av Inga Berntsen Rudi og Balder Hasvoll.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2024