Oppgave
Minoritetar, kultur og fordommar
Diskuter kven som møter flest og minst fordommar, og korleis vi kan førebyggje rasisme.
Undersøk statistikk om innvandrarar og norskfødde med innvandrerbakgrunn ( SSB.no).
- Finn ut kva for innvandringsgrupper som er dei fem største i Noreg.
- Kva innvandrergrupper trur du møter flest fordommar? Grunngi svaret.
- Kva innvandrergrupper trur du møter minst fordommar? Grunngi svaret.
Sjå videoklippet og svar på spørsmåla.
- Kva eksempel på rasisme kjem gutane i videoen med? Har dei sjølve opplevd rasisme?
- Korleis seier dei samhaldet i laget er?
- Kvifor trur dei at ungdommar som har lik etnisk bakgrunn, heng saman med kvarandre? Korleis er dette på din skule?
- Har du sjølv opplevd rasisme eller sett nokon bli utsette for rasisme? Korleis reagerte du på det?
- Korleis kan vi motarbeide rasisme og framandfrykt?
- Kva typiske fordommar har du og klassekameratane dine? Lag ei liste, og diskuter kvifor de har desse fordommane og kva som kan gjerast med dei.