Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Film: Samiske fortellinger om RETT & URETT

I dokumentaren Samiske fortellinger om RETT & URETT følger vi Anne, Anna og Rolf frå Hamarøy gjennom åra 2018–2023. Dei kjempar for å vinne tilbake samisk verdigheit i eit samfunn prega av traume,

Til læraren

Elevane bør ha nokre forkunnskapar om fornorskingspolitikken mot samane før dei ser dokumentarfilmen. Filmen kjem mellom anna inn på den såkalla Tysfjord-saka der det blei avdekt ein serie overgrep som hadde gått føre seg i lang tid, og som involverte mange overgriparar og den fornærma. Saka blir ikkje forklart nærmare i filmen, så det kan vere lurt å setje seg inn i henne på førehand.

Før de ser filmen

  • Kva veit de frå før om fornorskingspolitikken mot samane i Noreg?

  • Orda under er sentrale i filmen de skal sjå. Kva knyter de til desse orda? Kva kan dei ha med situasjonen for samane å gjere?

    • skam

    • traume

    • forsoning

    • stoltheit

    • identitet

Sjå filmen (lengde 01:12:33) og jobb med oppgåvene under.

Oppgåver til filmen

  1. I byrjinga av filmen seier Anne Kristin Guràk at fornorskingspolitikken har ført til mykje sjølvforakt og skam blant samar. Kva trur du er grunnen til at mange samar har kjent det slik?

  2. Det blir fortalt om ein underskriftskampanje der innbyggarar i den nyoppretta Hamarøy kommune ønsker å dele kommunen igjen. Kvifor blir denne kampanjen oppfatta som ei ekskludering av den samiske befolkninga?

  3. Les omtalen av kampanjen for å få samiske bygder ut av Hamarøy kommune på NRK. Korleis påverka kampanjen dei med samisk bakgrunn som gjekk på den lokale vidaregåande skulen i kommunen?

  4. Filmen viser at sjølv om fornorskingspolitikken tok slutt for rundt 40 år sidan, skaper han framleis skam, konfliktar, rasisme og mistillit. Kva for nokon konkrete døme på dette kan du sjå i filmen?

  5. Forskarar tok hovudskallar frå Gravplassen på Lappholmen i tiåra før andre verdskrigen. Les om synleggjeringa av rasebiologisk forsking i Tysfjord på NRK Sápmi. Kva var rasebiologane sitt syn på samane?

  6. Det blei slutt på den rasebiologiske forskinga etter andre verdskrigen, men fornorskinga heldt fram i fleire tiår. Kva trur du denne forskinga gjorde med sjølvbiletet og identiteten til samane?

  7. I 2023 kom Sannhets- og forsoningskommisjonen med rapporten sin. Rapporten skulle prøve å gi eit komplett bilete av den uretten som er gjord mot samar og nasjonale minoritetar i Noreg. Kvifor er det viktig å få fram sanninga for å komme seg vidare?

  8. Forsoning er eit ord som ofte blir brukt når det er snakk om å ta eit oppgjer med urett som blei gjort i fortida eller som framleis går føre seg. Undersøk: Kva betyr ordet forsoning?

  9. Kva for forsøk på forsoning kan du sjå i filmen?

  10. Kvifor trur du det er viktig for mange med samisk bakgrunn å ta opp igjen samiske kulturuttrykk som til dømes språk, kufte og joik?

Skrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist oppdatert 19.01.2026