Samisk film

Internasjonalt Samisk Filminstitutt
I 2009 vart Internasjonalt Samisk Filminstitutt (ISFI) etablert i i Kautokeino. Med eit eige filminstitutt har samiske filmskaparar fått høve til å søke om økonomisk støtte til eigne filmproduksjonar, og talet på samiske filmproduksjonar har auka.
Spelefilmar
Veiviseren (1987), regissert av norsk-samiske Nils Gaup, blir rekna som den første spelefilmen med nordsamisk tale. Veiviseren er ein av få norske spelefilmar som har oppnådd å bli nominerte til Oscar-prisen for beste framandspråklege film. Filmen fekk òg Amandaprisen for beste norske film i 1988.
Nils Gaup har òg regissert Kautokeino-opprøret (2008). Denne filmen baserer seg på historiske hendingar som skjedde i 1852, då samiske opprørarar angreip handelsmannen, soknepresten og lensmannen i Kautokeino.
Sameblod (2016) er den første spelefilmen med sørsamisk tale. Det er òg den første langfilmen som er laga av ei kvinne med samisk bakgrunn. Amanda Kernell er ein svensk-samisk filmskapar frå Umeå i Sverige. Ho begynte å regissere filmar allereie som 18-åring og har òg laga ei rekke kortfilmar. Kernells langfilmdebut vart møtt med svært gode kritikkar då han hadde verdspremiere på filmfestivalen i Venezia. Han har sidan blitt vist på fleire festivalar verda over.
Ellos eatnu – La elva leve (2023) er ein fiksjonsfilm som tek utgangspunkt i Alta-saka på 70-talet. Filmen følger Ester som flyttar til Alta for å jobbe som lærarvikar. Ho held den samiske bakgrunnen sin skjult, men ein dag blir ho med fetteren sin til ein protestleir der dei demonstrerer mot den planlagde bygginga av eit vasskraftverk i Altaelva. Filmen lærer oss om dei historiske hendingane, samtidig som ein får innblikk i skjebnen til menneska som vart utsette for diskriminering.
Biru Unjárga – Føkkings Nesseby (2024) blir rekna som Noregs første samiske ungdomsfilm. Han kjem inn på tema som identitet, oppvekst, familie, språk og sosiale medium. Filmen handlar om femtenåringen Elvira som føler at ho ikkje passar heilt inn i Nesseby (Unjárga). Ho lever i den trua om at ho er halvt samisk og halvt dansk, for mora hevdar ho vart gravid på ein befruktningsklinikk i Danmark. Når Elviras eigentlege samiske far plutseleg dukkar opp, må ho sjå på identiteten sin med heilt nye auge.
Kortfilmar
Der fleire av dei samiske spelefilmane i stor grad handlar om korleis samane opp gjennom historia har blitt utsette for undertrykking og overgrep frå storsamfunnet, har kortfilmane ofte ein annan tematikk.
Det blir laga alt frå nyskapande musikkvideoar, studentfilmar og kunstfilmar til animasjonsfilmar for barn. Det blir òg laga kortfilmar om samisk identitet og om samisk ungdomskultur.
Tv-seriar
Familieserien Ante frå 1970-talet er det mange knyter til samiske tv-seriar. Det er til no ikkje produsert mange samiske tv-seriar, men det kan sjå ut som at dette er i ferd med å endre seg.
Samenes tid (2018) er ein miniserie i tre delar som har som målsetjing å auke den allmenne kunnskapen om samane. Serien har svensk tale og er ein samproduksjon mellom fleire nordiske allmennkringkastarar.
Hausten 2018 bestemde NRK seg for å lage ein ny samisk tv-serie som si neste drama-satsing. Det var stor interesse, og over 60 manusutkast kom inn. Blant desse var det dramaserien Heajastallan – Bryllaupsfesten som vart plukka ut. Serien hadde verdspremiere på prestisjefylte Toronto International Film Festival i september 2025 og hadde premiere på NRK 1. januar 2026. Serieskapar Åse Kathrin Vuolab beskriv serien som ei kjærleikserklæring til Kautokeino og bryllaupstradisjonane der. Serien handlar nemleg om fire dysfunksjonelle søsken som skal arrangere det perfekte samiske bryllaupet med 3 000 gjester på rekordtid.