Kvenane - Historie (vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvenane

Kvenane er ein norsk minoritet som har vandra frå Nord-Finland og Nord-Sverige. Vi veit at det har vore kvenar i Noreg sidan 1500-talet, men den første fasen med meir omfattande innvandring starta tidleg på 1700-talet. Dette var ei tid utan klare riksgrenser.

Kvensk innvandring

Den første perioden med kvensk flytting til Finnmark og Nord-Troms handla først og fremst om attraktive område for jordbruk og fiske. Kvenane vart faktisk sett på som viktige i nordområda, og styresmaktene var glade for at folk kom og tok jorda i bruk (St.meld. nr. 15 (2000–2001), s. 29, Hjort-Larsen, 2012).

Seinare kom kvenane meir på grunn av arbeidsplassar. Frå 1820-talet til slutten av 1800-talet hadde kvensk innvandring preg av moderne arbeidsinnvandring (Kvensk institutt). Ein av arbeidsplassane som førte til denne arbeidsinnvandringa, var koparverket i Kåfjord i Alta som vart etablert i 1826. Verket dreiv til og med verving av arbeidarar mellom anna i finsk Lappland.

Det gode fisket i Varangerfjorden frå midten av 1800-talet førte òg til ei stor innflytting til Vadsø og andre plassar i Aust-Finnmark (Forsgren og Minken, 2022).

Frå cirka 1890 tok innvandringa slutt, og ein fekk eit meir fast busetjingsmønster av kvenar. Gjennom heile perioden ser vi at kvenane busette seg saman, og vi fekk såkalla kvenbyar i både Alta og Vadsø. Ei slik busetjing førte òg med seg at både kultur og språk vart haldne oppe. Dermed vart òg språket til dels ein barriere.

Grenseminoritet og "den finske faren"

Saman med skogfinnane lenger sør var kvenane ein grenseminoritet. Minoritetar som budde i grenseområda, og gjerne på begge sider av grensene, vart sett som på som ekstra utfordrande på grunn av utanriks- og tryggingspolitiske implikasjonar.

Fornorskingspolitikken kom mellom anna på bakgrunn av nye trusselbilete utover på 1800-talet. Trusselbiletet hadde bakgrunn i nye ideologiar. På 1800-tallet var Finland underlagt den russiske tsaren, og i Noreg frykta dei det dei kalla "den russiske faren". Etter at Finland vart sjølvstendig i 1917, snakka ein etter kvart òg om "den finske faren". Dette var basert på ein frykt for at finnane var nasjonalistisk aggressive og ekspansjonistiske, altså at dei ville påverke andre land med nasjonalismen sin.

Krav til språk

For kvenane sin del var fornorskingspolitikken stort sett synleg i skulen. Lenge vart finsk brukt som hjelpespråk, sjølv om det i hovudsak vart undervist på norsk. Frå 1936 vart det bestemt at all bruk av finsk i skulen skulle opphøyre. Frå 1970-talet vart det etter kvart noko finsk undervisning att.

Språkkrav for innbyggarar i Noreg kom alt i 1902 då jordsalslova kom. Sal av jord skulle berre skje til "norske statsborgere som kunne snakke, lese og skrive det norske språket, og som brukte dette til daglig" (St.meld. nr. 15 (2000–2001), s. 30). Dette utelukka mange, både kvenar og samar.

Folketeljingar

Den siste folketeljinga som registrerte kvenane som ei eiga gruppe, var folketeljinga i 1930. Før dette kan vi finne registreringar av kvenar i teljingane.

Ved folketeljinga i 1845 vart det registrert cirka 1700 kvenar i Finnmark, noko som svarte til 13 prosent av befolkninga. I 1875 utgjorde kvenane 8 prosent av befolkninga i Troms og 25 prosent av befolkninga i Finnmark.

Du kan lese Folketællingen i Kongeriget Norge hos Statistisk sentralbyrå, denne er frå 1891.

I dag

Ein reknar med at det i dag er mellom 10 000 og 15 000 personar som reknar seg som kvenar. På grunn av fornorskingsprosessen på 1800- og 1900-talet, snakkar dei fleste i dag ikkje lenger finsk.

Kjelder

Forsgren, A. og Minken, A. (16. mars 2022). Kvener. I Store norske leksikon. https://snl.no/kvener

Hort-Larsen, A. (1. februar 2012). Kvenene: Innvandrere i generasjoner. Forskningsmagasinet Apollon. https://www.apollon.uio.no/artikler/2002/kvenene.html

Kvensk institutt: Nasjonalt senter for kvensk språk og kultur. https://www.kvenskinstitutt.no/

St.meld. nr. 15 (2000–2001). Nasjonale minoritetar i Noreg – om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar. Kommunal- og regionaldepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/stmeld-nr-15-2000-2001-/id585195/

Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 09.08.2022