Utforsk utfordringane i menneskeverdet - Religion og etikk - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Utforsk utfordringane i menneskeverdet

Den teknologiske utviklinga skaper utfordringar for menneskeverdet innanfor mange ulike område. Utforsk korleis religionar, livssyn og etiske modellar møter desse utfordringane.

Førebuing: gruppeinndeling

Gå saman i grupper på tre til fire elevar. Ein person i gruppa er gruppeleiar og leier arbeidet, og ein person er sekretær og noterer det de kjem fram til undervegs.

Del 1: Vel temaområde

Vel eit område de ønskjer å undersøkje. Det må vere eit område der ny teknologi skaper utfordringar for menneskeverdet. Beskriv kort kva for etiske spørsmål og utfordringar som er relevante for menneskeverdet på dette området.

Her er nokre forslag til temaområde:

  • bioteknologi

  • globalisering

  • sosiale medium

  • kunstig intelligens

  • krig og militærteknologi

Del 2: Ulike syn i religion og livssyn

  1. Alle i gruppa vel éin religion eller eitt livssyn kvar.

    • Finn døme på kva dei som tilhøyrer religionen eller livssynet meiner om dei etiske spørsmåla og utfordringane de har valt i del 1.

    • Forsøk å finne døme på ulike synspunkt innanfor religionen eller livssynet.

  2. Kvar gruppemedlem beskriv det hen har funne ut for dei andre i gruppa.

  3. Samanlikn dei ulike syna med kvarandre. Kva er likt, og kva er ulikt?

  4. Reflekter over kva som er årsakene til likskapane og forskjellane mellom dei ulike religionane og livssyna.

Del 3: Diskuter ved hjelp av etiske modellar

  1. Vel ein etisk modell kvar. Korleis kan den etiske modellen du har valt, blir brukt til å seie noko om dei etiske utfordringane i "ditt" temaområde?

  2. Legg fram det du har komme fram til for dei andre i gruppa.

  3. Diskuter dei ulike etiske modellane opp mot kvarandre. Kva for etiske modellar synest de er mest relevante med tanke på det de har valt å diskutere?

Ulike etiske modellar

Artikkel: Pliktetikk

Artikkel: Konsekvensetikk

Artikkel: Dydsetikk

Artikkel: Omorgsetikk

Artikkel: Diskursetikk

Del 4: Oppsummering

Samanfatt det de har komme fram til i plenum. Forslag til oppsummeringspunkt:

  • Kva tema valde gruppene? Kvifor?

  • Var det lett eller vanskeleg å finne stoff om det på nettet? Kvifor var det lett eller vanskeleg?

  • Kva forskjellar fann de mellom dei ulike livssyna og religionane?

  • Kva likskapar fann de mellom dei ulike livssyna og religionane?

  • Var det nokon som fann ulike svar og døme på mangfald innan ein religion eller eit livssyn?

  • Korleis brukte de dei etiske modellane til å seie noko om temaet dykkar?

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 27.05.2022