Når reisa er målet – sykkel - Reiseliv og språk 1 - Ressurssamling - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Når reisa er målet – sykkel

Sykkelferie er ei ferieform som blir stadig meir populær – ikkje minst fordi ho kombinerer både opplevingar, aktivitet og berekraft.

Oppgåve

Jobb individuelt eller i par.

De har fått i oppdrag frå ein familie å foreslå to ulike sykkelferiepakkar i Noreg.

De må undersøkje ulike moglegheiter for sykkelferie – både kva reiseruter som er moglege, kvar det går an å overnatte, og kva aktivitetar familien kan gjere undervegs. Aktivitetsnivået må tilpassast heile familien.

Turen skal òg innehalde opplevingar utanom syklinga, i form av attraksjonar, aktivitetar eller andre opplevingar.

Legg fram forslaga dykkar for dei andre i klassa i ein presentasjon. Grunngi vala dykkar. Kva for eit forslag likte klassa best? Klassa må grunngi svaret.

Ha ein diskusjon i klassa om positive og negative sider ved sykkelferiar med tanke på berekraft.

Informasjon om familien og ønska deira
  • Familien består av 2 vaksne og 3 barn på 10, 12 og 14 år.
  • Dei har 10 dagar til rådvelde.
  • Dei ønskjer seg ein variert tur.
  • Dei ønskjer nokre overnattingar inne, i tillegg til telt.
  • Reisa kan innehalde ferje, buss og tog.
Tips til sykkelferie

Visitnorway.no: Tips til rundturer og reiseruter

Fjordnorway.com: Din guide til Vestlandet

Lykke til!

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2020