Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Den ansvarlege turisten

Turistar ønsker gjerne å dra til stader med vakker og urørt natur, eit rikt dyreliv, reint vatn, hyggelege menneske og lite fattigdom og søppel. Kan vi som turistar forvente å få alt dette servert? Eller kan vi – og bør vi – òg bidra litt sjølve?

Klasseoppgåve – lag ei digital handbok for turistar

I denne oppgåva skal de reflektere over korleis turistar sjølve kan bidra til eit berekraftig reiseliv, med utgangspunkt i ein sjølvvald reiselivsdestinasjon. Vidare skal de lage ei handbok for turistar som kan hjelpe dei til å opptre meir berekraftig.

De finn lenker til nyttig informasjon i boksen nedst.

  • Bli einige om ein reiselivsdestinasjon de vil lage handbok for, og kom med forslag til korleis turistane som reiser dit, kan bidra til eit berekraftig reiseliv gjennom åtferda si generelt og gjennom val av

    • reisemåte

    • lengde på opphaldet

    • bustad

    • aktivitetar

  • Fordel punkta overfor i klassen, jobb gjerne saman i små grupper.

  • Presenter forslaga for kvarandre. Diskuter dei i klassen, og gi kvarandre tilbakemeldingar.

  • Set saman forslaga dykkar til ei digital reisehandbok for turistar. Bruk bilete og eventuelle filmar de finn, slik at handboka blir visuell.

Kanskje de vil sende handboka til aktuelle reiselivsaktørar på destinasjonen de har valt?

Lenker til nyttig informasjon

TimeOut: Bærekraftig reise: 12 måter å bli en bedre turist akkurat nå

Travelopment: Turismens utfordringer og muligheter. Hvordan kan turisme være en bra ting?

VisitOSLO: Slik blir du en ansvarlig turist

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 20.04.2022