Oppgåve
Reiselivsorganisasjonar og berekraft
Kva er hovudoppgåvene til nasjonale og internasjonale reiselivsorganisasjonar? Og kva legg du i omgrepa økoturisme og berekraftig turisme?

Oppgåve 1: Undersøk ein internasjonal reiselivsorganisasjon
- Les om United Nations World Tourism Organisation (UNWTO) på nettet.
- Skriv ned ti av hovudaktivitetane til organisasjonen.
- Diskuter i klassa kva hovudoppgåva til UNWTO er.
Oppgåve 2: Undersøk nasjonale reiselivsorganisasjonar
- Les om Visit Norway på nettet.
- Skriv ned ti av hovudaktivitetane til organisasjonen.
- Diskuter i klassa kva hovudoppgåva til Visit Norway er.
- Les om NHO Reiseliv på nettet.
- Skriv ned ti av hovudaktivitetane til organisasjonen.
- Diskuter i klassa kva hovudoppgåva til NHO Reiseliv er.
Oppgåve 3: Undersøk omgrepa økoturisme og berekraftig turisme
- Finn minst eitt reiselivsprodukt i kvart fylke som er eit døme på økoturisme. Beskriv kort kva slags reiselivsprodukt det er, og kvifor det kan kallast økoturisme.
- Drøft omgrepa økoturisme og berekraftig turisme. Kva har omgrepa til felles, og kva er forskjellane?