Globale reiselivstrendar

Eit berekraftig reiseliv må fokusere på klima
Korleis dei globale reiselivstrendane vil sjå ut i framtida, er vanskeleg å seie. Om vi skal nå FNs berekraftsmål, veit vi at vi ikkje kan halde fram med å reise på den same måten som før, verken i jobbsamanheng eller på fritida. Forskarar er bekymra for reiselivsutviklinga fordi overturisme fører til store sosiale og klima- og miljørelaterte utfordringar.
Nye samarbeidsformer
Reiselivsnæringa planlegg nye måtar å organisere reiselivet på for å sikre ei berekraftig utvikling. Samarbeid mellom ulike aktørar er viktig i dette arbeidet. Eit døme på eit slikt samarbeid er prosjektet Balancing Act på Svalbard. Her arbeider forskarar og næringslivet saman for at reiselivet på Svalbard skal bli meir berekraftig.

Klimatoppmøtet i Baku, Aserbajdsjan i 2024
Over 50 land underteikna erklæringa “Enhanced Climate Action in Tourism”, som for første gong inkluderte reiseliv som ein sentral del av hovedagendaen til klimahandlinga.
Erklæringa forpliktar landa til å
inkludere reiseliv i dei nasjonale klimaplanane sine
implementere klimatiltak som rein energi, energieffektivisering, berekraftig avfallshandtering og sirkulære prinsipp i turistrelaterte fasilitetar
styrke klimatilpassing via naturbaserte løysingar og teknologi
sikre finansiering, teknologioverføring og kapasitetsbygging for reiselivssektoren
Globale reiselivstrendar
Det er vanskeleg å identifisere globale reiselivstrendar for framtida, særleg i ein situasjon med ein pandemi. Det er likevel nokre trendar som truleg vil prege reiselivet framover:
Små avtrykk og informerte val
Folk blir stadig meir bevisste om klimaet, og det fører til at ein tek meir bevisste og informerte val. Folk endrar reisevanane sine for å redusere klimafotavtrykket. Kanskje vil fleire velje ein lang ferie i staden for fleire korte. Det kan òg tenkast at hotell vil innføre tiltak som "kjøttfrie dagar" for å redusere klimafotavtrykket i bransjen sin.
Reiser vil bli meir inkluderande
Turoperatørar og andre reiselivsaktørar har blitt meir opptekne av å inkludere alle. Rørsler som Black Lives Matter og Pride har mellom anna bidrege til dette.
Reiselivsaktørane må legge til rette for at alle reisande kan delta i aktivitetar på lik linje. Då må det til dømes finnast utstyr i alle storleikar og tilpassa rullestolbrukarar. Ein må òg vurdere om det er føremålstenleg med toalett som ikkje skil mellom kjønn.
Større fokus på autentiske reiseopplevingar
For å unngå overturisme og vareta det autentiske ved eit reisemål bør turismen fordelast på fleire stader. Mange mindre kjende stader kan ta imot turistar på ein måte som varetek befolkninga, miljøet og det autentiske ved staden.
Dei reisande vil søke kvalitet framfor kvantitet
Det handlar ikkje om kor mange stader du har vore, men kva du opplever der du dreg. I framtida vil nok fleire reise "off the beaten track" (det vil seie til stader der få andre reiser) og fokusere på meiningsfulle, ansvarlege og sakte reiser.
Eit døme på ei slik reise kan vere denne 14 dagars turen til Sri Lanka, som du kan lese meir om i artikkelen "Support the Community and Connect with Culture: Philantourism in Sri Lanka" på originaltravel.co.uk. Her blir gjestene innkvarterte på eit lokalt gjestehus med lokale guidar, lokal mat og aktivitetar knytte til kulturen og tradisjonane i landet. Det kan vere aktivitetar som å lære tradisjonell musikk, besøke eit lokalt fiskarsamfunn og lære å fiske på lokalt vis, delta på eit matlagingskurs i ein lokal heim eller besøke ein skule i te-åsane.
Reisebyråa vender tilbake
Reisebyråa, som har opplevd ein kraftig nedgang i etterspurnad på grunn av den teknologiske utviklinga, vil truleg bli meir populære. Mange reisande ønsker kunnskapen, ekspertisen og den økonomiske tryggleiken dei får når dei bestiller ei reise via ein agent. Reisebyrå som spesialiserer seg på å skreddarsy reiser med fokus på klima, miljø og berekraft vil sannsynlegvis bli særleg ettertrakta framover.
"Staycation" og reiser i eige land
Denne reisetrenden innebærer heimeferiar, både rundt om i eige heimland og i nærleiken til eigen heim. Noreg er veldig dyktig på dette området: Aldri før har så mange nordmenn vore på Noregsferie og opplevd det mangfaldet av natur- og kulturopplevingar som landet har å tilby.
"Coolcation"
Turisme der den reisande aktivt søker seg til eit kaldere klima i staden for sol og varme, blir kalla coolcation. Denne reisetrenden har ført til ei auke av turistar til Noreg og andre land med eit kaldt klima.
Å planlegge turen vil bli ein del av reiseopplevinga
Reiser er viktige for personleg vekst og mental helse. Det å gle seg til noko har betydning for kor lykkelege vi kjenner oss. I tida framover vil derfor planlegginga av ein tur bli ein sentral del av reiseopplevinga.
