Fagstoff
Video
Dry martini
Dry martini er ein av dei best kjende cocktailklassikarane, kjend for den reine og tørre smaken. I denne filmen (lengde 2:08) viser vi deg korleis du kan lage ein alkoholfri variant.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0
Oppskrift på alkoholfri dry martini
Ingrediensar
6 cl alkoholfri gin
isbitar
1 cl alkoholfri tørr vermut
oliven
Slik gjer du
Finn fram eit stort røreglas, og hell alkoholfri gin oppi.
Fyll ei barskei med is, og tilset i røreglaset. Rør rundt med ei barskei for å kjøle ned martinien utan å vatne han for mykje ut.
Set klar eit martiniglas. Bruk ein sil til å sile martinien oppi martiniglaset utan at isbitane kjem med.
Tilset 1 cl tørr alkoholfri vermut i martinien.
Garner med oliven på spyd.

Ein klassisk cocktail i ein alkoholfri versjon