Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Den profesjonelle bartenderen

Ein bartender er ein person som jobbar med å blande drinkar og servere drikkevarer til gjestar, anten det er i ein restaurant, eit hotell eller ein pub/bar. Bartenderen har mykje kunnskap om ulike typar drikke, noko som gir eit godt utgangspunkt for ei hyggeleg oppleving.

Å vere bartender er meir enn berre servering

Ordet bartender stammar frå USA, der dei refererte til personar som serverte drikkevarer i ein bar, som "bar-tenders". Å vere bartender er langt meir enn berre å servere drikke. Det er ein sosial og aktiv jobb der du møter menneske frå alle samfunnslag og i alle livsfasar. Ein dyktig bartender må vere ein god menneskekjennar, i stand til å lese behova til gjestane og tilpasse behandlinga deretter. Det er ein fordel å vere utettervend og å trivast i livlege omgivnader, særleg på kveldstid.

Som bartender må du ha god kunnskap om ulike typar drikkevarer, alt frå brennevin, vin og øl til alkoholfrie alternativ. Du må òg ha tilstrekkeleg kunnskap til å kunne mikse drinkar korrekt og gi tilrådingar baserte på kva gjesten føretrekker. Tidlegare var det ikkje store krav til kunnskap for å vere bartender, men dette har forandra seg stort. I dag finst det dessverre inga offisiell utdanning for bartenderar i Noreg, men ein kan ta ulike kurs, delta på ein tre månaders bartenderskule og supplere med litteratur og opplæringsfilmar.

Bararbeid

Bararbeid inneber mykje meir enn å mikse drinkar. Før ein kveld med servering er det avgjerande å vere godt førebudd. Dette inkluderer å fylle på nødvendige varer, kutte og førebu garnityr til drinkane og dessutan å organisere mise en place med rett utstyr, som shaker, jigger (målebeger), muddler, barskei, barmatte, oppvaskklut og is. Det er òg vanleg å ha dei mest brukte brennevinsflaskene lett tilgjengelege med skjenketut, slik at prosessen med å lage drinkar går raskare.

Ein bartender har òg ansvar for å rydde skitne glas, vaske glas og halde området ryddig. I tillegg må bartenderen alltid følge alkohollova, som regulerer skjenking, aldersgrenser og sørge for at gjestar ikkje blir for rusa.

Alkohollova

I Noreg er det strenge reglar for sal, skjenking og kjøp av alkohol. Hovudformålet med desse reglane er å redusere dei negative konsekvensane av alkoholmisbruk både for samfunnet og enkelindivid. Her er dei viktigaste føresegnene som bartenderar må forhalde seg til:

Aldersgrense

  • Ein må vere minst 18 år for å kunne drikke eller kjøpe noko som inneheld alkohol.

  • Ein må vere minst 20 år for å kunne drikke eller kjøpe noko som inneheld meir enn 22 % alkohol.

  • Den som sel eller skjenker drikke med 22 % alkohol eller meir, må vere minst 20 år gammal. For anna alkoholhaldig drikke er aldersgrensa 18 år. Det finst nokre unntak frå desse aldersgrensene, mellom anna for elevar, lærlingar og personar med fagbrev innan kokke- og servitørfag. Dette kan du lese meir om i alkoholforskrifta.

Skjenking

Når du lagar drinkar, er det òg reglar for mengda alkohol som kan brukast. Dette blir målt med eit målebeger, kalla jigger, som rommar 4 cl (centiliter).

  • Brennevin med meir enn 22 % alkohol kan berre brukast i mengder opp til 4 cl.

  • Brennevin med mindre enn 22 % alkohol kan brukast i "dobbel" drink, altså opptil 8 cl.

Det finst likevel unntak. Mange drinkar og cocktailar stammar frå land med mindre strenge reglar for alkoholinnhald, og for at desse drinkane skal smake likt som originalane, tillet Noreg at internasjonale cocktailar kan innehalde meir enn 4 cl brennevin, så lenge dei blir laga på same måte som originalane.

Skjenketider

Den norske lova fastset at alkoholhaldige drikker med under 22 % alkohol kan skjenkast frå kl. 06:00 til 03:00, mens drikker med over 22 % alkohol kan skjenkast frå kl. 13:00 til 03:00. Kommunane har likevel høve til å innføre strengare reglar, som til dømes å avslutte skjenking kl. 02:00. Uavhengig av når skjenketida er slutt, har gjestar rett til å drikke opp innhaldet i glaset sitt innan 30 minutt etter at skjenketida er over.

Tydeleg påverka

Sjølv om det er lovleg å både kjøpe og drikke alkohol i Noreg, så er effekten av alkoholen slik at han påverkar syn, balanse, kontroll og humør. Mens nokre personar klarer å regulere alkoholforbruket sitt, er det andre som ikkje gjer det. Det er her ansvaret til bartenderen kjem inn.

Ein bartender er pliktig til å vurdere om ein gjest har fått nok alkohol og må nektast meir. Dersom ein gjest blir nekta meir drikke, har vedkommande i prinsippet ikkje lov til å opphalde seg i lokalet der det blir skjenkt alkohol. Dette inneber at bartenderen òg har ansvar for å vise gjesten ut av lokalet.

Viss det er fare for at gjesten ikkje kan ta vare på seg sjølv, er bartenderen ansvarleg for å sikre at gjesten kjem seg trygt heim. Dette kan innebere å kontakte kjenningar av gjesten eller å sørge for at hen får ein taxi. Dette ansvaret er ein viktig del av arbeidet til bartenderen for å førebygge alkoholmisbruk og skape eit trygt miljø for alle gjestar.

Gjestepsykologi

Nokre av dei viktigaste eigenskapane ein bartender kan ha, er å meistre stress, halde seg roleg i krevjande situasjonar og å jobbe effektivt. Når du serverer alkohol, er det vanskeleg å føreseie korleis ein gjest vil reagere etter kvart som hen blir meir påverka. Då er det viktig at bartenderen har ei roleg, men bestemd framtoning. Bartenderen må vere trygg på seg sjølv og kjenne regelverket godt.

Det er ein stor fordel om du kjenner til nokre triks for å kunne handtere dei ulike reaksjonane ein person kan ha i rusa tilstand. Her er nokre døme på korleis du kan forhalde deg til ulike tilstandar:

Tiltak ved ulik gjesteåtferd

Gjest

Bartender

SintHald deg roleg og bestemd. Snakk fornuftig og forklar at andre gjestar kan bli skremde av slik åtferd.
TristVer roande og lyttande. Forsøk å få tak i nokon som kan hjelpe gjesten trygt heim.
KverulerandeVer roleg, men bestemt. Vis til lover og reglar, og informer om at gjesten kan kontakte sjefen dagen etter viss hen framleis er misfornøgd.
ValdelegPrioriter eiga sikkerheit. Skap avstand mellom deg, gjesten og andre gjestar. Ring politiet viss du fryktar skade.

Alltid tenk på eiga sikkerheit først. Ring alltid politiet dersom du fryktar skade. Du kan ikkje hjelpe andre viss du sjølv er sett ut av spel.

Meirsal

Meirsal inneber å tilby gjestane fleire produkt mens dei er i lokalet. I baren kan dette inkludere snacks som nøtter og chips og mineralvatn eller kaffi. I Noreg er det strenge reglar for reklame for alkohol og tobakk, men det er lov å gi tilrådingar i ein serveringssituasjon, så lenge det blir gjort på ein ansvarleg måte.

Viss ein gjest bestiller ein kopp kaffi, kan du til dømes tilby dei mogelegheita til å kjøpe ein dessert eller snacks som passar til kaffien, men ver varsamt med å tilrå alkoholhaldige drikker med mindre gjesten spesifikt etterspør det. Dette er ein fin måte å gjennomføre meirsal på samtidig som du følger reglane.

Tenk over

  1. Kva inneber det å vere godt førebudd før ein kveld med servering?

  2. Kvifor trur du det er så strenge reglar for sal og skjenking av alkohol i Noreg?

  3. Kva ansvar har bartenderar når det gjeld å handtere rusa gjestar? Korleis kan du best sikre at gjestane forlet lokalet på ein trygg måte?

Kjelder

NHO reiseliv. (u.å.) Alkoholloven med kommentarer. Henta 29. september 2025 frå https://www.nhoreiseliv.no/jushjelp-tariff-hms/lover-og-regler-for-drift/alkoholloven/

Steffensen, A. (2025, 6. juni). Bartender. I Lille norske leksikon. https://lille.snl.no/bartender

Relatert innhald

Skrive av Jeanette Galdal.
Sist oppdatert 28.01.2026