Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Barutstyr

Med godt utstyr og rette teknikkar kan du skape gode og balanserte drinkar. I filmen under (lengde 2:03) får du ei innføring i det viktigaste utstyret som trengst i ein bar, og kva det blir brukt til.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Klargjering av baren

God mise en place er ei av dei viktigaste oppgåvene til bartenderen. Du må sørge for at du har klargjort arbeidsstasjonen din med det utstyret du treng, og fylt på med råvarer, is, garnityr og andre produkt. Når det er travelt i baren, er det vanskeleg å få høve til å gå frå stasjonen din for å fylle på med ting. Ein godt førebudd bartender jobbar raskare, rolegare og leverer ei betre oppleving for gjesten.

Vanleg utstyr i baren

Barutstyr er ofte laga i metall, då toler det ein del slitasje og er lett å reingjere. Det finst òg barutstyr i glas og plast med sine eigne funksjonar. Her kjem ei oversikt over det vanlegaste utstyret:

Shaker

Eit verktøy for å blande og kjøle ned drinkar. Finst i ulike materiale og stilar. Mest brukt er three piece shaker og Boston shaker i metall. I ein three piece shaker blir behaldaren sett saman med eit lokk med ein innebygd sil og ein topp du kan helle av. Ein boston shaker består av ein stor metallkopp og ein kopp som er litt mindre. Den mindre koppen blir sett inn i den store slik at dei dannar ein tett shaker.

Barsil

Ein grovmaska sil med fjør som blir festa på shakeren. Blir brukt til å sile ut innhaldet utan å få med isbitane.

Dobbelsil

Ein liten finmaska sil som blir brukt saman med barsil for å unngå å få mindre bitar med i glaset.

Målebeger/jigger

Eit lite beger som blir brukt for å måle opp nøyaktig mengde sprit og andre ingrediensar. Det har som regel to sider, norsk standard er 4 cl og 2 cl. Det finst òg internasjonale målebeger som rommar 6 cl og 3 cl.

Muddler

Eit solid, stavforma barverktøy med ein ruglete ende. Blir brukt for presse eller knuse råvarer i drinken for å få ut smak og aroma.

Barskei/røreskei

Lang skei med spiralskaft som blir brukt til røring og lagdeling.

Barmatte

Ei matte som blir brukt som underlag der drinkane blir miksa. Ho held stasjonen ryddigare og samlar opp søl.

Røreglas

Eit stort og breitt glas som du blandar ingrediensane i, saman med isbitar. Blir brukt for å blande ingrediensane forsiktig, men òg for å kjøle ned.

Skrellar

Bruk til å skjere skal av sitrusfrukter for å lage garnityr til drinkar.

Vaskeklut og tørkefille

Vaskeklut bør vere lett tilgjengeleg for å tørke opp søl omgåande. Tørkefille er nødvendig for å tørke utstyret ditt etter det har blitt vaska.

Garnityrklype/isklype

Blir brukt for å plukke opp garnityr som sitronskiver, limebåtar, bær, oliven og liknande som skal brukast i drinken. Ho blir òg brukt til å handtere isbitar.

Skrive av Jeanette Galdal.
Sist oppdatert 28.01.2026