Tillagingsmetodar for egg - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Tillagingsmetodar for egg

Prøv ulike tillagingsmetodar for egg. Vurder kvaliteten på dei ferdige produkta og kva metode som gir best resultat.

Utstyr du treng

  • egg
  • kjele
  • steikjepanne
  • tidsur
  • salt
  • vatn/mjølk

Del 1. Gjennomføring

  1. Finn ut kor lenge eit egg må kokast for å bli blautkokt eller hardkokt.

    • Kok eitt egg blautkokt og eitt egg hardkokt.

  2. Korleis skal egg posjerast? Finn ut korleis dette skal gjerast, ved å sjå på videoen under Relatert innhald.

    • Posjer tre fine egg.

  3. Omelett kan lagast på ulike måtar og med mange ulike smakar.

    • Finn ei oppskrift på omelett, og lag ein omelett.

Del 2. Vurdering

Vurder dei kokte egga, dei posjerte egga og omeletten.

  • Korleis vart resultatet?
  • Er det noko du gjorde feil eller kunne ha gjort annleis?
  • Kva har du lært?

Hugs å gi opp koketida for dei kokte egga. Var dette som forventa?

Relatert innhald

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2020