Egg
Bruk av egg
Egg er ei allsidig råvare som kan kokast, posjerast, steikast eller brukast til eggerøre og omelett. Egg kan brukast som hevemiddel i kaker, som bindemiddel i pannekaker og farsar og som emulgator i majones og sausar. Egg kan tjukne sausar og kremar og gi glansfull overflate på bakverk.
Oppbygging og næringsinnhald
Eit egg består av skal, eggekvite og eggeplomme. Eggekvita inneheld hovudsakleg vatn og protein, mens eggeplomma inneheld feitt, vitamin og mineral. Egg er ei næringsrik matvare og er ein viktig del av eit variert kosthald.
Kva egg inneheld
protein av god kvalitet
vitamin som A, B (alle 8 typane), D, E og K. Vitamin D er elles vanskeleg å få nok av gjennom kosthaldet, så egg er ei viktig kjelde til dette vitaminet. Det einaste vitaminet som ikkje finst i egg, er vitamin C.
mineral som jern, kalsium, kalium, magnesium, fosfor, sink og selen
feitt i eggeplomma, hovudsakleg umetta feittsyrer som er gunstig for hjartet
Hygiene og mattryggleik
Salmonella i rå egg kan vere eit problem i mange andre land. Noreg, saman med Sverige, Finland og Danmark har svært låge førekomstar av salmonella i egg. Norske egg, anten dei blir selde i kartong til butikk eller på brett til storkjøkken, kjem frå kontrollerte hønsebesetningar og blir omfatta av salmonellagaranti. Dei er derfor nesten alltid trygge å ete, også rå. Egga blir kontrollerte, gjennomlyste og sorterte på eggepakkeri før dei blir sende vidare, og dei blir stempla med haldbarheitsdato.
Upakka egg, til dømes selt direkte frå gard eller på marknader, er ikkje alltid kontrollerte for salmonella, og derfor er tryggleiken deira mindre sikker.
Egg med brest i skalet skal ikkje etast. Skalet fungerer som ein barriere som held egget sterilt, men når skalet har ein brest, er det fare for at bakteriar har komme inn i skalet.
Oppbevaring av egg
Egg bør oppbevarast kjølig. Egg kan ofte brukast etter best før-datoen dersom dei har blitt oppbevarte kjølig og luktar normalt.
Eigenskapane til egget kjem betre fram når egget er romtemperert. Egg toler å bli oppbevart i romtemperatur eit par dagar før bruk. Egg kan frysast, men då bør dei knekkast først, og plomme og kvite bør rørast saman. Ein kan også fryse plomme og kvite kvar for seg.