Kontrollspørsmål om egg - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kontrollspørsmål om egg

Etter å ha jobba med temaet egg kan du teste deg sjølv ved å svare på desse spørsmåla.

Egg

  1. Teikn eit tverrsnitt av eit egg og set namn på dei forskjellige delane.
  2. Kva kjenneteiknar eit A-egg?
  3. Korleis bør egg lagrast?
  4. Nemn fem av egget sine eigenskapar – og forklar korleis vi kan nytte desse eigenskapane.
  5. Kvifor blir eggeprodukt pasteurisert?
  6. Kva for ein type steikjepanne bør vi bruke til steiking av egg?
  7. Kvifor stikk vi hol i egget før vi kokar det?
  8. Kvifor bruker vi eddik i vatnet når vi posjerer egg?
  9. Kva skjer med proteina i egget når du varmebehandlar det?
Skrive av Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 02.04.2020