Lag majones - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lag majones

Majones er ein basissaus som kan smaksetjast med nesten kva som helst. I denne oppgåva skal du lage majones og setje smak på han slik at du får ulike variantar.
Video: Moxey AS / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 1. Lag majones

Sjå filmen om korleis du lagar majones. Gå deretter saman i grupper på to, og lag majones som vist på filmen.

Ingrediensar

2 eggeplommer

1 ms dijonsennep

2 ½ dl nøytral olje

1 ms kald sitronsaft

salt og nykverna pepar

Oppgåve 2. Set smak på majonesen

Fordel majonesen i fire ulike bollar. De skal no setje smak på majonesen med ulike ingrediensar.

  1. Bolle 1: aioli. Lag Aioli ved å tilsetje 1 fedd kvitlauk og køyre med stavmiksar.

  2. Bolle 2: chilimajones. Lag chilimajones ved å tilsetje litt srirachasaus/tabasco/chilisaus og bland saman.

  3. Bolle 3: remulade. Lag remulade ved å tilsetje litt finhakka kapers, persille, sylteagurk og sjalottlauk, og bland saman.

  4. Bolle 4: estragonmajones. Lag estragonmajones ved å tilsetje finhakka, fersk eller sylta estragon.

  • Smak på dei ulike variantane av majones. Kva variant likte du best?

  • Kva synest du dei ulike variantane hadde passa til?

  • Har du forslag til andre ingrediensar du kunne brukt for å setje smak på ein majones?

Oppgåve 3

Lag ein lunsjrett med kylling som hovudråvare og ein majonesvariant som tilbehøyr.

Skrive av Einar Martin Kålen.
Sist fagleg oppdatert 15.06.2022