Lag kylling på tre måtar

Oppgåve 1. Førebuing og teori
Sjå filmen om utbeining av kylling under (lengde 1:59), og repeter eventuelt korleis vi kokar kraft i artikkelen om kraft.
Gå saman i grupper på tre eller fire. Kvar elev skal beine ut ein heil kylling. Resten av arbeidsoppgåvene fordeler de i gruppa.
Oppgåve 2. Praksis
De skal beine ut kyllingen som vist i filmen, koke kraft på kyllingskroget og lage filet, lår og venger på tre ulike måtar.
Bein ut kyllingen og kok kraft
Bein ut kyllingen: Ta av lår og venger, og skjer ut brystfiletane.
Kok kraft på skroget med ein gong. Det er grunnlaget for sausen og må koke mens de jobbar med resten.
Variant 1: Omnsbakt kyllingfilet
Snurr baconskiver rundt fileten, og bak han i steikeomn på 130 grader på kombidamp. Bruk steiketermometer. Kjernetemperaturen skal vere 67 grader.
Steik deretter fileten i ei varm panne for å få han sprø.
Variant 2: Confiterte kyllinglår
Bein ut den ytre enden av låra, og fyll det med finhakka urter og finhakka løk.
Bind opp låra med hyssing.
Kok låret i olivenolje og appelsinjus med mykje koriander oppi. Ca. 1/4 av væska skal vere appelsinjus. Legg låra i kjelen, dekk med appelsinjus og olivenolje. Ha i tre matskeier koriander, og kok varsamt i ca. 30 minutt.
Variant 3: Panerte kyllingvenger
Trekk kyllingvengene i mjølk og kajennepepar.
Sil frå mjølka når vengene er møre.
Deretter skal de panere vengene. Fyll tre skåler med kveitemjøl, samanvispa egg og knust cornflakes. Vend vengene i mjøl, så i egg og til slutt i cornflakes.
Like før servering friterer de vengene ved 170 grader til dei er gylne og sprø.
Legg vengene over på kjøkkenpapir slik at overflødig feitt renn av.
Lag saus
Lag ein valfri saus basert på krafta frå kyllingskroget.
Oppgåve 3. Smak, vurder og finn ut meir
Smak på dei tre kyllingvariantane saman med sausen. Vurder smak og konsistens på alle tre, og svar på desse spørsmåla:
Kva for ein av dei tre kyllingvariantane synest du smakte best, og kvifor?
Kva for ein av variantane synest du hadde best konsistens? Grunngi svaret.
Nemn kva for nokre andre tillagingsmetodar du kan bruke på kylling.
Kva tilbehøyr og kva saus meiner du passar best til kylling? Gi ei fagleg grunngiving for vala dine.