Oppdeling og utbeining av kylling
Ulike måtar å dele opp kylling på
Ein kylling kan delast opp på fleire måtar, avhengig av kva delar du ønsker å bruke. For at resultatet skal bli best mogleg, bør du ha ein skarp, spiss kniv.
Oppdeling i to delar
Skjer ned langs brystbeinet, brett godt ut og skjer langs ryggbeinet på begge sider.
Oppdeling i fire delar
Del der det er naturleg mellom bryst og lår.
Oppdeling i åtte delar
Låra deler du best ved å skjere i leddet. Bøy litt på beinet, så finn du leddet lett. Bryststykket deler du berre over på midten.
Utskjering av lår
Press låret ut frå skroget til leddet knekk. Del over leddet, og låret er løyst.
Utskjering av brystfilet
Ta utgangspunkt i ein heil, rå kylling. Skjer eit snitt langs brystbeinet og la kniven følge skroget ned mot vengen. Lag eit snitt som går over vengebeinet slik at brystfileten lett kan skjerast frå. Fjern skinnet. Viss oppskrifta er «kyllingbryst», lèt du skinn og vengebein sitje på.
Relatert innhald
Nettside hos matprat.no