Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Korn og mjøl som råstoff

Fagstoff

Korn og kosthald

Korn speler ei viktig rolle i det norske kosthaldet. Det bidreg med energi og næringsstoff som er nødvendige for ein aktiv og sunn livsstil. Av omsyn til helsa er det lurt å velje dei grove kornprodukta.

Kva er grove kornprodukt?

Grove kornprodukt har eit høgt innhald av fullkorn. Fullkorn omfattar heile korn, gryn og sammale mjøl. At mjølet er sammale, betyr at vi bruker heile kornet når vi lagar mjølet – både skal, kjerne og kime. Dette mjølet blir ofte òg kalla fullkornsmjøl. Eit brød blir rekna som grovt når over halvparten av mjølmengda er sammale mjøl, heile korn eller kli. Havregryn, fullkornspasta, grove knekkebrød og fullkornsris er andre døme på grove kornprodukt.

Grovt gir god helse

Grove kornprodukt er ein viktig del av eit sunt kosthald og gir ei rekke helsefordelar.

Næringsrike

Det er i dei ytre delane av kornet dei fleste næringsstoffa sit, slik som vitamin, mineral og kostfiber. Derfor har sammale mjøl eit høgare næringsinnhald enn sikta mjøl, der skal og kime blir tekne bort.

Dei grove kornprodukta er rike på vitamin B og E, jern, magnesium og sink. Desse næringsstoffa er essensielle for funksjonane til kroppen, inkludert energiproduksjonen og immunforsvaret.

Rike på fiber

Grove kornprodukt er ei utmerkt kjelde til kostfiber, som er viktig for ei sunn fordøying. Fiber bidreg til å regulere blodsukkeret, senkar kolesterolet og gir ei kjensle av å vere mett, noko som kan hjelpe til med vektkontroll.

Redusert risiko for sjukdom

Forsking viser at eit kosthald med mykje grove kornprodukt kan redusere risikoen for kroniske sjukdommar som hjarte- og karsjukdommar, diabetes type 2 og enkelte typar kreft.

Kor mykje bør vi ete?

Helsestyresmaktene tilrår oss å la grovt brød eller andre fullkornsprodukt vere ein del av fleire måltid kvar dag. Kostråda seier at vi bør velje kornprodukt som har eit høgt innhald av fiber og fullkorn og lågt innhald av feitt, sukker og salt. Dei grove kornprodukta bør til saman gi minst 90 gram sammale mjøl eller fullkorn per dag.

Ved å velje eit av døma under kan du få i deg den tilrådde mengda fullkorn:

  • fire brødskiver med ein stor del sammale mjøl, til dømes merkt ekstra grovt i Brødskalaen

  • éin tallerken grov kornblanding og to skiver ekstra grovt brød

  • éin tallerken havregraut og éin porsjon fullkornpasta eller fullkornsris

  • to tallerkenar havregraut

Korleis få inn meir grove kornprodukt inn i kosthaldet?

  • Byt ut fine brødprodukt med grove.

  • Bruk fullkornspasta i staden for fin pasta.

  • Bruk fullkornsris eller byggryn som erstatning for kvit ris.

  • Byt ut noko av det fine mjølet i pannekaker, vaflar og annan bakst med fullkornsmjøl.

  • Eksperimenter med kornsalatar.

  • Tilset litt havregryn i smoothiar.

  • Sjå etter produkt med Nøkkelhullet og Brødskalaen. Nøkkelholmerkinga stiller krav om fiberinnhald i mat, og Brødskalaen fortel deg kor mykje sammale mjøl det er i brødet. Vel gjerne brød som er merkt grovt (3/4) eller ekstra grovt (4/4) på Brødskalaen.

Tenk over

  1. Kva meiner vi med grove kornprodukt? Gi døme.

  2. Kor mykje sammale mjøl eller fullkorn er vi tilrådd å ete kvar dag?

  3. Korleis ser kosthaldet ditt ut når det gjeld inntak av grove kornprodukt? Bør du forandre noko for å følge tilrådingane?

Kjelder

Helsedirektoratet. (2024, 15. august). La grovt brød eller andre fullkornsprodukter være en del av flere måltider hver dag. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kostradene-og-naeringsstoffer/kostrad-for-befolkningen/la-grovt-brod-eller-andre-fullkornsprodukter-vaere-en-del-av-flere-maltider-hver-dag

Opplysningskontoret for brød og korn. (u.å.). Er du grov nok i kjeften? Henta 8. oktober 2025 frå https://brodogkorn.no/fakta/grov-nok-kjeften/

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist oppdatert 10.03.2026