Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Korn og mjøl som råstoff

Fagstoff
Interaktivt innhald

Faktum om korn

Kornartane høyrer til grasfamilien. Dei blir dyrka på grunn av dei store, næringsrike frøa som inneheld mykje stivelse og ein del protein. Kornartane er dei viktigaste vekstane i verda og blir brukte både til mat og fôr.

Korndyrking i Noreg

Det har vore dyrka korn i Noreg sidan steinalderen. Dei eldste funna av kveite og bygg i Noreg er 4 000–4 500 år gamle.

I Noreg dyrkar vi i hovudsak kornartane bygg, kveite, havre og rug. Det blir òg dyrka noko spelt og rugkveite, som er ei kryssing mellom kveite og rug. Bygg og kveite er dei kornartane det blir dyrka mest av.

Vi nordmenn et mest kveite og havre. Vi er nokså sjølvforsynte med bygg, havre og rug, men vi må importere ein del matkveite.

I det interaktive kartet under kan du finne ut meir om kornproduksjon i ulike kommunar.

Korn og bakeevne

Bakeevna varierer med kornartane og er knytt til gluteninnhaldet i kornet. Gluten gjer deigen seig og smidig og bind væske godt.

Kveite har unike bakeeigenskapar og er den kornarten som oftast blir brukt til baking. Kveite inneheld protein som kan danne gluten, og det toler stor innblanding av mjøl som ikkje har bakeevne.

Kornet

Kornet består av skal, kjerne og kime.

  • I kjernen er det stivelse og protein.

  • I skalet er det fiber og mineralstoff.

  • I kimen ligg anlegget til ny plante. Her finn vi òg feitt og feittløyselege mineral.

Innehald i kornet

  • karbohydrat (70–80 prosent)

  • protein (8–16 prosent)

  • feitt (1–7 prosent)


Kontroll med kvaliteten

Kornet må ha ein viss kvalitet for å kunne bli brukt til menneskemat (matkorn). Korn som ikkje oppnår denne kvaliteten, blir til dyrefôr.

Kontrollen med matkornet er streng i Noreg. Matkorn må tilfredsstille ei rekke minimumskrav som styresmaktene har fastsett, og tilleggskrav som er fastsett i avtalar mellom aktørane i verdikjeda korn–mjøl–bakarvarer.

Alt matkorn som blir levert til kornmottak i Noreg, går gjennom ei rekke visuelle kontrollar og laboratorieundersøkingar. Det blir òg teke systematiske stikkprøvar i alle ledd i verdikjeda for å sikre at sluttproduktet har ønskt kvalitet.

Test deg sjølv

Oppgåve 1

I oppgåva under kan du øve deg på å kjenne igjen ulike kornslag ut frå bilete.

Oppgåve 2

I oppgåva under skal du plassere rette namn og bestanddelar på rett stad på kornplanten. To objekt skal plasserast på kvar av dei tre stadene på planten.

Kjelde

Opplysningskontoret for brød og korn. (2024, 8. mai). Kornproduksjon i Norge. https://brodogkorn.no/fakta/kornproduksjon-i-norge/

Skrive av Gjert-Are Valberg og Ragnhild Kjeldsen.
Sist oppdatert 10.03.2026