Gruppeoppgåve: matkulturar - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Gruppeoppgåve: matkulturar

Vi kan lære mykje om andre menneske, land og kulturar gjennom å sjå på kva dei et.

Oppgåve 1

Kva er ein matkultur?
Kva ulike matkulturar kan du finne her i Noreg?

Oppgåve 2

Del klassen i fire grupper. Kvar gruppe trekkjer kva matkultur av Frankrike, Storbritannia, Italia eller Spania de skal utforske. Finn

  • korte fakta om landet
  • spesielle råvarer som blir dyrka
  • tradisjonelle matrettar

Oppgåve 3

Finn fram til tre ulike rettar frå det landet de har trekt, finn oppskrifter og lag rettane på kjøkkenet. Gruppa presenterer oppgåva munnleg før de smaker på rettane.

Skrive av Gro Birgitte Eriksson.
Sist fagleg oppdatert 30.04.2021