British tea party - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

British tea party

I denne oppgåva skal de fordjupe dykk i ein del av den britiske matkulturen og arrangere eit British tea party.

Oppgåve

  1. Britane er kjende for å drikke mykje te. Kvifor er det slik? Søk på nettet og finn ut av historia til britisk tedrikking.

  2. Afternoon tea er eit eige måltid i England. Kva inngår vanlegvis i dette måltidet?

  3. Finn oppskrifter på rettar som kan inngå i afternoon tea, og fordel rettane i klassen.

  4. Produser rettane på kjøkkenet og inviter gjester til eit British tea party.

  5. Som ein del av dette selskapet kan de lage ulike typar te og arrangere ei tesmaking.

Skrive av Espen Lonkemoen Framås og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021