Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Tillaging av frukt og bær

Fagstoff

Frukt og bær: naturens supermat

Frukt og bær er naturen sin eigen supermat. Dei er rike på livsviktige næringsstoff og har kraftige antioksidantar som styrkar og vernar kroppen vår kvar dag. Om du et variert og mykje frukt og bær i alle fargane i regnbogen, så har du eit godt grunnlag for god helse.

Næringsinnhald

Frukt, bær og grønsaker er viktige i det daglege kosthaldet fordi dei inneheld mykje vitamin, mineral og fiber, men samstundes gir dei lite feitt og energi. Det vil seie at frukt, bær og grønsaker tilfører kroppen mange verdifulle næringsstoff som vi har bruk for, utan samtidig å tilføre mykje energi og feitt som vi generelt sett får for mykje av i kosthaldet vårt.

Helsedirektoratet rår oss til å ete frukt, bær eller grønsaker til alle måltid. Det er tilrådd å ete minst fem og helst åtte porsjonar kvar dag. Halvparten bør vere grønsaker og halvparten frukt og bær.

Antioksidantar – kroppen si eiga antirustbehandling

I det siste har det vore særleg stor merksemd rundt antioksidantar. Dette er naturlege stoff som kroppen lagar sjølv, eller som vi får i oss frå frukt, grønsaker, bær og nøtter.

Antioksidantane har funksjonar som først og fremst er knytte til forsvarsmekanismane i kroppen, der dei mellom anna uskadeleggjer kreftframkallande og celleøydeleggande stoff (såkalla frie radikalar) og reparerer skadar som er forårsaka av desse. I tillegg har vi nokre antioksidantar som hindrar at feittet i overflata av cellene våre harsknar. Dette gjer at cella er motstandsdyktig mot stoff som elles kunne ha trengt seg inn og skada arvestoffet i cellekjernen.

Nokre antioksidantar er vitamin, andre er sporstoff, og atter andre er såkalla flavonoid eller sterke fargestoff. Av dei mest aktive antioksidantane kan vi nemne vitamin C, vitamin E, betakaroten, lykopen i tomat, sporstoffet selen og Q10.

Enkelt sagt er antioksidantar ei antirustbehandling for kroppen din!

Jo sterkare fargar, desto sunnare

Det finst ikkje ei frukt eller grønsak som åleine kan førebygge sjukdom. Det viktigaste du kan gjere, er å ete variert. Når du kombinerer ulike grønsaker, frukter og bær, gir du kroppen eit godt forsvar mot mellom anna hjarte- og karsjukdommar, kreft og tidleg aldring.

Bær er sunt, sannsynlegvis mykje sunnare enn vi har vore klare over. Dei er stappfulle av antioksidantar. Vil du halde deg sunn og frisk, bør du ete massevis av frukt, bær og grønsaker og særleg dei med sterke fargar!

Det finst nemleg massevis av antioksidantar i desse fargane. Blåbær inneheld stoffet antocyanidinar som gir den fine fargen og vernar mot mikroorganismar. Dei er med andre ord plantane sitt eige immunforsvar. Det fantastiske er at desse viktige eigenskapane blir overførte til kroppen etter at vi har ete bæra. Det fører til at vi får i oss effektive antioksidantar som igjen er eit viktig vern mot utvikling av kreft og hjarte- og karsjukdommar.

Vi kan halde oss friske og truleg yngre ved å ete bær i rik mon. Med denne kunnskapen er det kanskje ikkje så dumt å auke inntaket av frukt og bær?

Rettshavar: Bama.
Sist oppdatert 24.04.2026