På seinsommaren og hausten bognar mange stader i skog og mark av ville bær som krekling, blåbær, tyttebær og molte. Plukk med deg i bøtter og spann. Ville bær ligg nemleg langt over frukt og grønsaker når det gjeld innhald av antioksidantar.
Vitamina A, C og E er kanskje dei mest kjende antioksidantane. Kvar antioksidant har sin spesielle eigenskap, og saman forsterkar dei effekten av kvarandre. Fargesterke frukter, bær og grønsaker inneheld oftast mykje antioksidantar. Det er fordi dei har høgt innhald av flavonoid og karotenoid. Samansetninga av antioksidantar er òg spesielt god i bær.
Noreg importerer store mengder bær kvart år. Samtidig rotnar norske villbær fordi så få av oss orkar å plukke og utnytte denne ressursen. Dette er synd. Viltveksande bær er proppfulle av antioksidantar, og det blir hevda at dette innhaldet er høgare i norske bær framfor utanlandske, seier forskar Gunnlaug Røthe ved Bioforsk Nord Holt.
Korleis ein behandlar råvarene, lagringstemperatur og emballasje avgjer om mengda av antioksidantar blir reduserte frå råvare til ferdig produkt. Vitamin C blir til dømes lett øydelagt ved matlaging, mens nedfrysing og fryselagring har mindre øydeleggande effekt. Generelt er rask nedkjøling og jamn temperatur under lagringsperioden viktig for å bevare mest mogleg av antioksidantane. Bær som blir plukka om hausten, kan derfor vere omtrent like sunne når du tek dei opp frå fryseboksen utpå vinteren.
Tyttebær har ein relativt beisk smak og blir ikkje etne naturelle. Vi bruker dei mest rørte eller i syltetøy.
Blåbær
Blåbær er svært rike på flavonoid, som er ein antioksidant. Blåbær er faktisk på fem på topp-lista over matvarer med mykje antioksidantar.
Molte
Mange reknar molta som dronninga av dei viltveksande bæra. Bæra er svært saftige, og smaken er karakteristisk og svært aromatisk.
Krekling
Kreklingbærene er etande, men er omgitt av litt harde skal, og kreklingbær har vore mindre utnytta enn blåbær og tyttebær.
Les meir om tyttebær (Vaccinium vitis-idaéa)
Tyttebær har frå dei eldste tider vore mykje nytta av menneske. Det kan vere fordi tyttebær har høgt innhald av benzosyre (som i molte) og derfor var enkelt å oppbevare i tider med liten tilgang til sukker eller moderne konserveringsmiddel.
Tidlegare var det vanleg å oppbevare tyttebær i vatn som tyttebærgraut eller i surmjølk. Tyttebær vart brukt som medisin mot forkjøling og halsvonde.
Tyttebær er nemnt som det einast viltveksande bærslaget som inneheld nemneverdige mengder av vitamin E. Elles inneheld tyttebær pektin. Pektin har ikkje antioksidativ verknad, men skal ha andre positive effektar på helsa. Det er relativt lågt innhald av vitamin C òg i tyttebær. C-vitaminanalysar av tyttebær frå ulike stader i Norden viser eit innhald på 4–10 mg per 100 g bær.
Les meir om blåbær (Vaccinium myrtillus)
Blåbær er det vanlegaste viltveksande bærslaget i Noreg. Tørka blåbær har mellom anna vore brukt til å stoppe laus mage.
Blåbær er ikkje så lett å konservere fordi innhaldet av naturleg konserveringsmiddel (benzosyre) er lågt. I gamle dagar løyste dei lagringsproblemet med å lage saft av bæra, som vart lagra i trekar.
Innhaldet av vitamin C i blåbær frå ulike stader i Norden er forholdsvis lågt og ligg mellom 12 og 14 mg per 100 g bær.
Det er i dei seinaste åra påvist at blåbær har høgt innhald av flavonoid, og i norske blåbær er det påvist 400 mg per 100 g blåbær. På grunn av det høge innhaldet av flavonoid er det totale innhaldet av antioksidantar i blåbær svært høgt. Blant dei ville bæra våre er det blåbær og krekling som har mest antioksidantar.
Det er òg påvist at blåbær har antibakteriell verknad og kan hjelpe mot mellom anna urinvegsinfeksjonar.
Les meir om molte (Rubus chamaemorus)
Ingen andre bærslag i norsk natur har slik status som molte. Molte vart tidlegare brukt som middel mot skjørbuk, lenge før ein visste om betydninga av vitamin C. Derfor var nokre tønner med molte med i provianten i tidlegare tider når skip la ut på langturar.
Eit høgt innhald av benzosyre (som er eit naturleg konserveringsmiddel) gjer at molte kan lagrast i lengre tid utan at bæra blir øydelagde.
Molte er det av dei viltveksande bæra våre som har høgast innhald av vitamin C. Resultat frå analysar av molte gjort i ulike prosjekt ved Bioforsk Nord Holt viser at det gjennomsnittlege innhaldet av C-vitamin er 86 mg per 100 g bær. Dermed kan cirka 70 g molte per dag dekke det daglege behovet for vitamin C (60 mg) for ein vaksen. Til samanlikning kan det nemnast at dyrka jordbær per 100 g inneheld frå cirka 40 til 70 mg vitamin C.
Molte inneheld òg karotenoid, men i så små mengder at det truleg har lite å seie for den totale antioksidantmengda.
Les meir om krekling (Empetrum nigrum coll.)
Det finst to artar krekling. Vanleg krekling har einkjønna blomstrar og set relativt få bær. Han er vanlegast i låglandet og sør i landet. Fjellkrekling er tvikjønna, gir ofte større bæravling enn vanleg krekling og er vanlegast i fjellområda og nordpå. Krekling har vore brukt til ulike formål, men er ikkje av dei mest verdsett bærslaga hos oss.
Det var tidleg kjent at krekling skulle ha vassdrivande effekt, og derfor blir krekling ofta kalla pissbær eller migbær.
På kong Sverres tid (ca. 1190) blei krekling brukt som råstoff for vinproduksjon. I Troms og Finnmark skal det ha vore vanleg å blande krekling med kokt fiskelever til ein grautaktig masse som blei eten med skei eller på flatbrød. Krekling blei oppbevart i surmjølk eller reinsdyrmjølk til vinterbruk.
Krekling er rik på vitamin C. Analyser av knuste bær (frå Troms) gav eit resultat med 17 mg vitamin per 100 g bær. Det er høgare innhald av vitamin C i bærskallet enn i safta frå krekling.
Det er utført få analysar av innhaldet av flavonoid i krekling. Resultata så langt viser høge verdiar, noko som samsvarer med det høge totalinnhaldet av antioksidantar som er dokumenterte. Så langt er det påvist at det er størst innhald av flavonoid i bærskal. Dermed må ein drikke mykje kreklingvin for å få i seg den same mengda flavonoid som i friske bær.
I figuren under kan du sjå innhaldet av antioksidantar i ulike typar ville vekstar. Sjølv om mange av dei ville bæra har eit høgt nivå av antioksidantar, inneheld nyper ein mykje større del antioksidantar enn dei andre vekstane i figuren.
Søylene viser antioksidantnivået i dei ulike vekstane.