Hopp til innhald
Fagartikkel

Jusing

Det er tilrådd at vi et minst fem og helst åtte porsjonar med frukt, bær og grønsaker kvar dag. Inntil eit halvt glas jus (fruktjus eller grønsaksjus) kan vere fint som variasjon og inngå som ein av dei tilrådde porsjonane kvar dag.

Kva er jusing?

Jusing vil seie at ein tek diverse frukt og grønsaker i ei jusmaskin eller sentrifuge og pressar slik at ein står igjen med råsafta frå frukta eller grønsakene. Vi kan lage jus av nesten alle typar frukt og grønsaker. Dei fleste kan puttast i maskina med skalet på, hugs derfor å vaske all frukt og grønsaker først. Kutt opp i passande bitar og køyr gjennom maskina. Vi kan lage jusen av éi enkelt frukt eller grønsak, eller vi kan bruke ei blanding. Det finst mange gode oppskrifter på blanda jusar av ulike slag. Berre fantasien set grenser for kva kombinasjonar som kan prøvast. Vi kan tilsetje urter, frø, nøtter og bær for meir variasjon.

Ulike typar jus

Det finst mange ulike typar jus på marknaden, og desse har mange ulike namn og nemningar.

Jus

Jus er rein råsaft pressa frå frukt eller grønsaker. Han er ikkje tilsett sukker eller andre tilsetjingsstoff. Han er gjerne pasteurisert for å vare lenger. Jus kan vere laga frå konsentrat. Dersom jusen er framstilt av berre éin type frukt eller grønsak, skal han kallast ved namnet til sorten og endinga ‑jus/‑juice, til dømes appelsinjus eller eplejuice.

Most

Most er berre eit anna namn for jus, og det er i utgangspunktet ikkje nokon forskjell mellom ein jus og ein most. Most blir ofte brukt om den råsafta vi får frå eple, pærer, druer og bær som kan brukast til vinproduksjon.

Nektar

Nektar er laga av mindre mengder jus som blir blanda ut med vatn og tilsett sukker, altså ei slags ferdigblanda fruktsaft.

Cloudy juice

Dette er ein jus som ikkje har blitt filtrert, noko som gir ein litt fyldig og mildare smak.

Ferskpressa jus

At ein jus er ferskpressa, vil seie at han er ubehandla, og ingenting er fjerna eller tilsett. Denne jusen er vanlegvis laga på staden og har kort haldbarheit.

Jus frå konsentrat

Jus frå konsentrat betyr at frukta blir pressa, og vatnet blir fjerna. Den konsentrerte jusen blir så transportert før han blir tilsett vatn tilsvarande det som vart fjerna, og jusen blir tappa på kartong. Denne jusen er ofte billigare enn annan jus fordi han tek mindre plass ved frakt når vatnet er fjerna.

Næringsstoff i jus

Når ein jusar frukt eller grønsaker, blir ofte fruktkjøttet kasta, og dermed vil nokre av næringsstoffa gå tapt. Jus inneheld mindre fiber enn heil frukt og grønt og gir ikkje same mettheitskjensle. Av omsyn til energibalanse og risiko for overvekt blir det generelt tilrådd å velje frukt framfor fruktjus. Grønsaksjus inneheld ofte mindre kaloriar enn fruktjus. Jus er meir syrleg enn heil frukt og bør derfor ikkje drikkast for ofte med tanke på tannhelsa. Heil frukt og grønsaker bør i hovudsak etast, men inntil eit halvt glas jus (1 dl) kan vere fint som variasjon for å få i seg den tilrådde daglege mengda.

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 13.11.2024