Fagstoff
Film
Visualiser og presenter idéen
Når du har rydda i idárbeidet og valt ut kva du vil jobbe vidare med, må du tenke på korleis du vil presentere idéen. Du må visualisere idéen og setje det saman til noko du kan presentere for oppdragsgivaren eller kunden din.
Presenter idéen for kunden
Når du er trygg på at du har ein idé som hjelper kunden å nå målet sitt, er det på tide å gå i gang med å setje produktet saman. Det inneber at du må lage ein pitch, altså eit lite samandrag som fortel kva du skal lage. Det er nødvendig for at kunden og dei som skal vere med i produksjonen av produktet, skal kunne sjå føre seg korleis det ferdige resultatet skal bli.
I filmen under (lengde 4:32) fortel ulike personar om korleis dei førebur seg når dei skal presentere ein idé for andre.
Klar, ferdig, kreativ – fase 4: Set det saman. Film: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0
Relatert innhald
Tre tips til pitch
Få fram poenget, øv og ver alltid klar for ei framføring. Her har du tre tips til arbeid med pitch.