Fagstoff
Film
Rydd opp i idéarbeidet
Når du har gjennomgått ein grundig idémyldringsfase, sit du att med mange gode, og nokre mindre gode, idéar. Då er det på tide å rydde opp, eller å gjere jobben som gjerne blir kalla kill your darlings.
Kill your darlings
I den tredje fasen handlar det om å rydde opp i idéarbeidet. Her må du tenke over det du lærte i kundemøta i fase 1, og halde det saman med idéane du fekk i fase 2. Sjølv om du har komme på idéar du sjølv liker veldig godt, kan det vere at du må legge dei bort viss dei ikkje fører deg til det målet kunden har. Tenk på kva kunden ønsker, hugs at det er kunden som har gitt bestillinga.
I filmen under (lengde 3:25) fortel animatør og illustratør Daniel Dahn og filmskapar Magnus Skatvold om korleis dei arbeider med den tredje fasen.
Klar, ferdig, kreativ – fase 3: «Kill your darlings». Film: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0