Fagstoff
Film
Utforsk idéen
Klar ferdig kreativ (KFK-modellen), som er utvikla av Martin Walter og Daniel Almli, viser korleis de kan bryte ned idéutviklinga i fire fasar. Den første er utforskingsfasen. For å klare å vere kreativ på bestilling, må du meistre nokre teknikkar.

Utforskingsfasen
Det første de må gjere når de får eit oppdrag, er research. Det betyr at de må finne ut noko om dei de skal lage produkt for. Kva er viktig for oppdragsgivaren? Er det eit produkt som skal seljast? Kva argument skal de bruke for å overtyde kundane? Kven er i målgruppa? Korleis når de målgruppa? Kva verkemiddel kan det vere lurt å bruke?
Film om fase 1: Utforsking
I filmen under (lengde 2:41) fortel ein animatør og illustratør, ein filmskapar og ein nyheitsjournalist om korleis dei jobbar med utforsking før dei går i gang med idéutviklinga.
Film: Martin Aune Walther, Daniel Almli / CC BY-NC-SA 4.0