Fagstoff
Problemfasen – ressurssamling
I denne fasen er det viktig å sikre seg mest mogleg informasjon. Analyser oppdraget frå kunden og bli kjent med målgruppa. Stiller du dei riktige spørsmåla i ei problemstilling, vil det som regel vere nøkkelen til ei løysing.

Bilete: NTB, Shutterstock / Avgrensa gjenbruk
I problemfasen skal du planlegge, samle inspirasjon og informasjon, utforske og arbeide med ei problemstilling. Ei problemstilling er eit spørsmål du ønsker å finne svar på. Det bør vere noko som er mogleg å undersøke gjennom praktisk arbeid.
I læringsressursane under finn du fagstoff og oppgåver som er knytte til problemfasen: