Plantevern

Skadegjerarar på utplantingsplanter
Du kan få angrep av både skadeinsekt og soppsjukdommar på utplantingsplantene dine. Når temperaturen stig utover våren, aukar faren for angrep, spesielt frå skadeinsekt.
Skadeinsekt
Soppsjukdommar
Det er viktig å oppdage angrep tidleg, då kan vi setje inn tiltak før skadegjeraren får overtaket.
IPV – integrert plantevern
Integrert plantevern (IPV) er å ta i bruk alle teknikkar og metodar for å halde mengda skadegjerarar under det nivået som gir økonomisk skade. IPV er ein strategi som består av fleire brikker som i eit puslespel. Dei første brikkene du legg, skal redusere risikoen for å få skadegjerarar. Du kan likevel få angrep, då tek du i bruk dei neste brikkene. Kjemisk plantevern er ei av dei siste brikkene du bruker i IPV-puslespelet.
Visste du at ...
For å bruke kjemiske plantevernmiddel må du gjennomføre autorisasjonskurs i plantevernmiddel, bestå eksamen og ha fylt 18 år?
Det er utarbeidd ein rettleiar for integrert plantevern i utplantingsplanter. Litt forenkla kan han samanfattast slik:
Førebygge og overvake
- Set ut limfeller
- Gule limfeller tiltrekker seg fleire av skadedyra, mellom anna bladlus og trips. Sjekk limfellene regelmessig slik at du tidleg oppdagar at det er skadedyr i veksthuset.
- Bruk auga
- Bruk auga når du arbeider med plantene. Ser plantene grøne, friske og sunne ut? Dette tiltaket er heilt gratis, og du kan oppdage skadegjerarar tidleg.
- Rist nokre planter
- Vel nokre tilfeldige planter og rist dei over eit kvitt papir. Då vil du kunne oppdage skadedyr før det er synleg på plantene. Dette kan du gjere cirka ein gong i veka.
- God hygiene
- Fjern ugras under bord og andre stader i veksthuset. Skadegjerarar kan gøyme seg der. Rydd opp og kast blad og anna plantemateriale til dømes etter topping.
- Reine planter
- Sørg for å kjøpe inn reine planter utan skadegjerarar.
- Nyttedyr
- Set ut nyttedyr mot trips og bladlus førebyggande. Ein rådgivar vil hjelpe deg med å finne rette nyttedyr og rett mengde.

Tiltak ved angrep
- Kast planter som har store angrep
- Planter som har blitt hardt angripne av skadegjerarar, blir sjeldan fin salsvare. Kast plantene før skadegjeraren får spreidd seg meir.
- Nyttedyr
- Du kan setje ut nyttedyr oftare eller i eit større tal for å få ned bestanden med skadegjerarar.
- Kjemisk plantevern
- Som ein siste utveg kan du bruke eit kjemisk plantevernmiddel for å dempe angrepet før du på nytt set ut nyttedyr. Finn eit kjemisk plantevernmiddel som er effektivt mot skadegjeraren og samtidig skånsamt mot nyttedyra.

Bruk av kjemiske plantevernmiddel i utsalet
I eit utsal er det avgrensingar på kva plantevernmiddel som kan brukast, fordi det er definerte som areal opent for allmenn ferdsel. Dersom einaste utveg for å få bukt med skadegjeraren er å bruke eit kjemisk plantevernmiddel, må vi ta plantene ut av utsalet for behandling. Når det vi kallar handteringsfristen, er passert, kan vi flytte plantene tilbake til utsalet. Mange plantevernmiddel har 24 timars handteringsfrist, men dette varierer mellom midla.

Oppgåve
Vel rett svar på oppgåvene.




